lørdag, november 28, 2015

Pepperkakehus 2015


Ovanfor ser du årets pepperkakehus her i heimen.  Huset er ferdig, men dandering og dikkedering rundt huset manglar enno sidan pynt og dilldall ligg nedpakka på loftet. Kan hende tar eg det ned i morgon, men det er også veldig mogleg at eg ikkje gidd. Me får sjå :)

Tenkte eg skulle slå til med ein minikavalkade av tidlegare års pepperkakehus, og også nokre lenker til utvalde tidlegare års pepperkakehusinnlegg:

 
 
 
 

Her er lenker til bileta over:

Jula 2013
Jula 2012
Jula 2011:
Jula 2010:

Mal for korleis lage ditt eige pepperkakehus finn du her og oppskrift til verdens beste pepperkakeglasur finn du her.

Ha ei kjempefin adventstid!

PS! Dersom du ynskjer følgje litt oftare med, finn du meg også på Instagram ved å søke på dengodefeen eller linda sæbø

onsdag, november 04, 2015

Hei på deg

 
It's been a long time :)
 
Tenkte eg skulle legge igjen eit lite livstegn her inne. Eg lever i beste velgåande, og alt er vel med oss (takk for alle helsingar og meldingar). Eg kjem ikkje til å starte blogging for fullt igjen...ikkje med det første iallefall. Til det er dagane alt for travle, men kanskje det kjem nokre drypp nå i førjulstida :) Dersom du ynskjer følgje litt oftare med, finn du meg også på Instagram ved å søke på dengodefeen eller linda sæbø
 
Håpar du har fine dagar der du er du også!

Diger klem frå Linda
Related Posts with Thumbnails