søndag, november 25, 2012

KUBUS 4


KUBUS 4 By Lassen

I fleire år har den stått på ynskjelista mi.
Sjølve klassikaren innan lysestakar.
Designa i 1962 av den danske arkitekten Mogens By Lassen.

Kubus 4 kjem nå i vinterkvit farge, og det er den eg har fått i hus.
Juhu, ein ting kan strykast frå ynskjelista.
Eg har fått meg ein firkanta venn.
Ein venn for livet :)

Sidan sist har eg hatt bursdag, og då passa det liksom perfekt å bli sponsa med draumelysestaken. Her finn du fleire By Lassen -produkt og på Bazaren.
Med sistnevnte lenke bør det fylgje ein alarm. Det er nemleg fare for at kredittkortet ditt byrjar brenne....HER var det nemleg mykje fint til julegåver, seg sjølv, til huset, til mannen og ja you name it!

 Ha ein finfin søndagskveld :)


søndag, november 18, 2012

GULLAMANTER

Christine Sandtorv er ute med nytt album.
Nemleg Stjerneteller GULLAMANTER!
Har du høyrt finare namn på eit album?
Juhu, albumet kom i posten som gåve og bidrag til familiediskoen her i huset.

We love it!!!
Fantastisk herleg musikk


Forutan å ha verdas aller herlegaste stemme er Christine i tillegg ein fantastisk illustratør.
Eg kjendte hjarta hoppe i taket over illustrasjonen til "Vår egen butikk", for er det ikkje dei to minste her i huset som prydar den illustrasjonen mon tru?

Sjå berre liksemda her:


 med denne:





 

Eg velgjer å leve lukkeleg i trua på at det er henta inspirasjon herifrå denne kanten.

HERLEG!

Anbefaler albumet på det sterkaste. Både for liten og stor. Gåva kunne ikkje ha passa betre *mamma som er dødslei av Kardemommeby på non stop i bilen*.

Ha ein finfin søndagskveld :)

tirsdag, november 06, 2012

PO.P gje vekk

Hei hei der ute.

For ei tid sidan fekk eg pakke i posten frå Polarn O. Pyret.
Halsar til ungane designa av gatekunstnaren Finsta for PO.P
Eg fekk to raude for mange, og tenkte at kanskje du hadde lyst på dei?
Skriv du ein kommentar under dette innlegget er du med i trekninga.
Vinnaren kårast mandag 12. november.

Tvi Tvi!



mandag, november 05, 2012

Eplesmuldrepai


EPLESMULDREPAI

Vask epler og kutt opp i skiver. Bruk så mykje epler at du dekkjer botnen av ei ildfast form.

Bland smuldredeig:
3 dl havregryn
3 dl kveitemjøl
200 gram smelta meierismør
2 dl sukker

Fordel smuldredeigen over eplene. Steik på 180 grader i ca. 30 minutter. Serverast lunken med for eksempel vaniljeis, vaniljekrem eller vaniljesaus.

Mmmmm, velbekomme 



søndag, november 04, 2012

TEA-TOWEL

I åresvis har eg vore på jakt etter ein gammal synstestplakat.
Ein skikkeleg gammal ein.
Enn så lenge har ikkje draumeplakaten dukka opp.
Men dette kjøkkenhandkleet frå House Doctor er ganske fint det også.
Det ser jo ut som ein synstestplakat i tekstilform.

Ha ei super veke!

Novemberhelg

Med huset fullt av ungar vert helga ofte vel så hektisk som kvardagen, men på ein heilt anna måte.
Heile gårsdagen gjekk med til rydding, klesvask og husarbeide. Kjipt når det står på, men akk så herleg etterpå. Reint og herleg, levande lys og god samvittigheit. Eldstemann var oppteken med kameratar heile dagen, og dei to minste vart sysselsett med passande arbeidsoppgåver, eller dei leika ute og inne og rundt beina på meg. 

Oliventrærne frå terrassen har flytta inn for vinteren, så eg kryssar fingrane for at dei overlever i ei varm og tørr stove. Den finfine sølvpotta frå Nordal har eg kjøpt av alltid blide og skjønne Lisette. Lisette er ei av dei herlege Rogalandsbloggedamene eg har blitt kjendt med det siste året, og eg er lukkeleg over å få slike positive energisolstråler inn i livet mitt :)

Som Emmeline pleier seie: "Å gjere husarbeide er som å spade sand i Sahara", så nå er huset straks klar for ein ny omgong med støvsugaren. Sukk. Bilen skal også få seg ein omgong, før me stikk til byen. Husets kunstnar, Alma, har nemleg eit kunstverk utstilt på Sølvberget i samband med HJERTEFRED. Bytur og kunstutstilling står derfor på agendaen i dag :)


Ha ein fantastisk fin søndag!
Related Posts with Thumbnails