fredag, desember 30, 2011

Farvel 2011

Ja, då er det straks på tide å takke farvel til 2011.

Me er vel heime etter ein herleg avslappa juleferie. Huset var reint og ryddig då me fòr av stad, og å knipse desse bileta var omtrent det siste eg gjorde før eg sette nøkkelen i låsen og vrei om. Nå er tilstanden ein anna for å seie det slik. Det flyt over av klede, posar, leiker og anna draks.



Juleferien hjå mamma har vore utruleg god. Trass i Dagmar og det dårlege vèret generelt. Snøen glimra med sitt fråvere, men skulle småfuglane i Sunnhordlands omegn verte lei av makkar og insekt, finn dei iallefall heimelaga gourmetmat i mamma sin hage på Sæbøvik. Spread the word.

Fuglematen er laga av fuglefrø frå daglegvarebutikken, delfiafeitt og ymse kakeformer. Me valde å hengje ferdigstivna fuglemat ut med formene på - for å hindre at det rasa saman ved første kontakt med fuglenebbet. Dette vart ein suksess. Kvar dag kikka me ut stoveglaset på glade blåmeiser, kjøttmeiser, nokre traster og ei raudstrupe.  Spanande for ungane, og kjekt for mora å oppdage at etterkomarane også intresserar seg for småfuglars ve og vel.
 

Sånn i tilfelle eg ikkje rekk det i morgon - eg er vel oppteken med å rydde på plass dagen lang ser eg for meg - så vil eg nytte høvet til å ynskje dykk alle eit formidabelt flott 2012. Måtte alle kjende, vener, familie og blogglesarar få eit skikkeleg Godt Nytt år! Eg kryssar fingrane for eit år av det gode slaget.

Tusen takk for alle helsingar og fantastisk kjekke kommentarar i året som straks er over. Dei gledar meg langt inn i hjarterota, og truleg meir enn de anar. Tuuuusen takk.

Ha ei god natt, i morgon på desse tider er det like før det brakar laus ;)

torsdag, desember 22, 2011

God Jul





Med litt førjulsstemningsbilete (det vart eit langt samansett ord;)) vil eg nytte høvet å takke for alle dei utruleg kjekke kommentarane de legg att her inne. Eg set utruleg stor pris på kvar og ein av dei. De rører meg til tårer, de får meg til å sprudle av glede, de får meg til å skratte og de får meg skikkeleg provosert (eit herleg fåtall av sistnemde). Utan dåko hadde blogginga vore kjedeleg rett og slett.

Nå tar eg ferie frå både jobb og blogg. Eg har bestemt meg for å senke både tempo og krav til meg sjølv denne jula. Hente inn igjen litt tapt søvn. Og aller viktigast: kose meg med venner og familie. Fullt fokus på det.

Eg ynskjer dåko alle ei fantastisk fin julefeiring. Fin i den forstand slik du likar best å feire jul. Dei aller beste ynskjer for 2012.

tirsdag, desember 20, 2011

Litt her og litt der

Eg er ikkje den typen som vaskar ned huset til jul. Husvask passar etter mi meining betre å ha på våren når det er skikkeleg dagslys. Men ein skikkeleg nøye helgavask derimot, i tillegg til sortering av leiker, vasking av vindauge, skifting av sengklede og til slutt pynting må til.

På laurdag fekk me gjort akkurat det. Alle var i sving. Dei små jubla over å finne igjen leiker dei ikkje hadde sett på ei stund, og til slutt jubla jammen mora også. Jubla over at den vanvittige jobben var ferdig utført, og jubla over å kjenne roen senke seg aldri så lite. Eg får nemleg fred i ordensgenet mitt når det er reint og ryddig frå innerst til ytterst.

Julebøkene kom opp i tallerkenhylla. Emil og Ida dukkene likeså. For ikkje å snakke om verdas aller finaste ristekule, som Alma fekk i julegåve på si aller første julafta.

Eg skal innrømme at eg ikkje er flink til å lese bøker til ungane. Det er liksom Herr Fe som tar seg av den jobben, medan eg kavar rundt med husarbeidet. Dei siste kveldane har eg imidlertid lese desse julebøkene for skattane mine. Alle tre inne på samme rom for anledningen, og så har eg sete på gulvet og lese om Ole, Kong Vinter og Tante Tø, og den lille julenissen. Skikkeleg koseleg, både for meg og dei.

Det vesle juletreet er re-pynta og plassert på Alma og Simon sitt rom. Skikkeleg koseleg julestemning der nå :) Det er første gong dei får ha tre på rommet sitt, men truleg ikkje siste gong. Pyntar de også på ungane sine rom?
Ha ein fin tirsdagskveld!

PS! For de som trur ting er på stell her så kan eg berolige med at:
-eg er enno ikkje ferdig med å kjøpe alle julegåvene
-me har ikkje handla inn mat og drikke
-me har mange fleire gåver å pakke inn (sjølv om Herr Fe er i sving med akkurat nå)
-mange gåver må leverast ut
-huset ser ut som eit bombenedslagsfelt
-pluss pluss pluss

mandag, desember 19, 2011

Pakkefint

 
I kveld er står innpakking av julegåver for tur... Byrja så smått i går med desse lærar-helsingane frå Samson. Han syns heldigvis dei vart fine slik, med Ikea-papir, dymotekst (Clas Ohlson) og pepperkakesnøkrystallar. Dei siste gåvene vart kjøpt inn etter jobb i dag. Eller siste og siste Fru Blom. Er det ikkje alltid slik at ein kjem på noko ein har gløymt heilt i slutten?

Fin mandagskveld til deg, med eller utan innpakking av julegåver på plakaten :)

Klem frå Linda

Vår eigen pepperkakelandsby









Bilderas frå den vesle pepperkakelandsbyen vår.
Eg kan vel snart døype bloggen om til pepperkakebloggen, men nå er det stort sett slutt. Har nemleg brukt opp all deigen i løpet av helga, så nå tar kjevlet juleferie for å sei det slik.

Håpar alle har hatt ei innhaldsrik og kjekk helg. Eg må komme meg i seng, tidleg opp som vanleg i morgon også. Fin kommande veke til deg!!!

fredag, desember 16, 2011

Mal til pepperkakehus +++




  I dag vart 8 minipepperkakehus delt ut til verdas beste barnehagetanter og barnehagestyrar. 

I den forbindelse serverer eg oppskrift på korleis lage mal til ditt eige pepperkakehus. Her har eg starta med eit A4-ark, og huset vert difor ganske stort. Jo mindre ark du startar med i utgangspunktet, jo mindre hus kan du lage. Velbekomme og lukka til :)







 Eg fann desse bileta frå pepperkakehuset 2008 her hin dagen, og her får de også litt mimrebilete:


Sånn ellers har eg fått utført juleklippen og friska opp igjen fargen i dag. Tittei. He he, resten av ansiktet vart automatisk sensurert av ei lite treffsikker kameralinse. Like greit, så trøytt i trynet som eg er etter endt arbeidsveke.
Fin fredagskveld, smil det er helg!!!
Ciao ;)

Oppdatering:
Trikset for å få melisen fint på er å pynte før du limer saman.

Lagar glasur av 4 stivpiska eggekviter, nesten ein heil boks/evt ein heil boks melis, 1 ts natron.

Limer med smelta sukker.

Nå ligg eit nysteikt hus klart for dekorering på kjøkkenet. Har kjøpt inn masse godteri. Dette huset skal ungane få dekorere ;)

tirsdag, desember 13, 2011

Innspurt

Dei siste kveldane har eg vore travel oppteken. Har kjøpt dei fleste julegåvene og er i ferd med å legge siste finishen på dei heimelaga. Julekorta er bestilte. Pakkar som skal sendast er stort sett sendt. Det er berre 11 dagar igjen.

Det som gjenstår nå er å pakke inn gåvene. Kjøpe små gåver frå nissen. Dele ut gåver. Handle inn julemat. Og kor har julenissedrakta tatt vegen mon tru. Det er lett å verte stressa, men då er det viktig å ha fokus. Fokus på at me skal:
K O S E oss. 
Drikke gløgg og ete pepperkaker. 
Høyre på julemusikk (kjøpte forresten Kurt Nilssen og Kringkastingsorkesteret i førjulsgåve til oss).
Lage konfekt. Ungane elskar trille marsipankuler som me trykker melkerull nedi. 
Lese julemagasin og bli inspirert.
Arrangere juleverkstad.
Gå kveldsturar og kikke på alle dei fine julelysa.

Mmmm, det er ei herleg tid nå. Hugs å senke tempoet og kose deg du også!

Fin tirsdagskveld til deg som er innom !!!

mandag, desember 12, 2011

Kvit jul?

 Var nett inne på Yr for å sjekke om regntøyet bør takast fram i morgon. Ja, det er det ingen tvil om gitt. Det er meldt regn, regn, regn og atter regn framover. Deprimerandes i grunn.

Desse to års gamle bileta frå uterommet får derfor brukast til å mimre om kvit jul. Eg er ikkje så veldig begeistra for snø. Årsaken til det er at eg veit det varer kort tid her på vestlandet, og etter snø kjem det helsikens slapset og isen som eg hatar. Men kvit jul likar eg. Så please, kjære værgud. Det er heilt ok om du nå forvandlar alle regndråpane til snøkrystallar. Iallefall om du lar det ligge til like over nyttår :) Så kan det atter bli julestemning utandørs, og me kan ake til kyrkja på julafta.


PS! E-posten min har aldeles konka ut. Har ikkje fått e-post inn på ei veke (og eg får rundt 15- 30 e-postar dagleg). Veit ikkje om eg får sendt ut heller. Så nå veit du det om du har sendt meg e-post - satsar det er fiksa i løpet av kort tid.

Tudeluuuuu.....

søndag, desember 11, 2011

Karamelldigg



Karameller (oppskrift frå eit 35 år gammalt ukeblad)

5 dl sukker
2,5 dl H-mjølk
1 ss lys sirup
60 gr meierismør
1 knivsodd salt
Ha ingrediensene over oppi ei panne (kjele) som toler kokkelering med mjølkeprodukt utan at det svir seg. Kok opp og kok i cirka 5 min under stadig omrøring
Tilsett 2 dl Viking mjølk og 1 teskei vaniljeessens (1 ts kremortartari om du har det). Kok på svak varme til dess karamellmassen består kuletesten (cirka 1 times tid). Del opp i passe store stykke med skarp kniv når godt avkjølt. 



Flott 3. søndag i advent og fin kommande veke :)
Related Posts with Thumbnails