torsdag, mars 31, 2011

Stem

I eit tidlegare innlegg har eg skrive om at eg skulle vere dommar i kategorien BARN i Håndlaga 2011. Då eg takka ja til å vere dommar forutsåg eg absolutt ikkje kva for ein vanskeleg jobb eg stod framfor. Hjelpe meg kor mange flinke sjeler det er der ute. Eg vart heilt matt og hadde store problem med å velgje ut dei ti som skulle få gå vidare til offentleg avstemming.

For å gjere det lettare for meg sjølv sette eg opp ein del ting eg måtte ta hensyn for at alt skulle vere representert til slutt. Det var:
# jente kontra gut.
# strikking kontra hekling kontra saum
# leiker kontra klede
# ting for praktisk bruk, og for det reint estetiske
#små prosjekt kontra store prosjekt

Først hadde eg rundt 30 favorittar, så skar eg ned til 17, og enda altså til slutt opp med dei ti som er avbilda i kollasjen over. Fantastisk fine bidrag av høg kvalitet. Til mi store glede ser eg at fleire av dei eg måtte "forkaste" er nominert i andre kategoriar. Med dette ynskjer eg alle finalistane masse lukke til!

Nå er det du som skal vere med å bestemme kven som vinn prisen Håndlaga 2011 i kategorien BARN. Du stemmer på din favoritt her.

Klem frå Linda

onsdag, mars 30, 2011

LindaPinda i media - HJELP


Sånn eigentleg er eg beskjeden, og sånn egentleg likar eg ikkje merksemd. Og sånn egentleg trugar jantelova som ei svart sky over hovudet på meg konstant.
Men fader kor kjekt det er med alle dei fantastiske helsingane eg har fått (som har rørt meg til tårer mang ein gong), dei nydelege blomstrane eg har fått på døra og alle avisene som har skrive om saken. Tusen takk for at de løftar meg fram. Eg nyt dette, for eg tvilar sterkt på at eg nokon gong kjem til å oppleve noko liknande igjen.

Eg kan ikkje legge ut alle lenkjene her, men eg kan jo tipse om to radiointervju med meg frå i dag tidleg. Huttemegtu, nå har eg endeleg fått høyre dei sjølv, og eg må sei eg er raud og varm i kjakane.

I føremiddagssendinga til Nrk Hordaland Radio finn de intervjuet med meg om de drar markøren bort til kl 42:05 cirka.

I føremiddagssendinga til Nrk Rogaland Radio finn de intervjuet med meg litt etter kl 01:11:01, trur eg.

Ha ein god onsdagskveld :)

tirsdag, mars 29, 2011

Audmjuk og umåteleg lukkeleg. Eg er kåra til Årets nynorskbrukar 2011!


De kan tru at eg vart forundra her ein kveld. Eg vart oppringd av ein mannsperson som lurte på om eg hadde to minutt til overs for å høyre om ei kjekk kåring. Den hyggelege mannspersonen kunne fortelje meg at styret i Nynorsk kultursentrum hadde kåra meg som Årets Nynorskbrukar i 2011. Ein pris eg ikkje ante at eg var nominert for ein gong. "Å, herlighet så kjekt. Er det sant?", utbraut eg, medan tusen tankar raste gjennom hovudet. Var dette ei tulletelefonoppringing? Var dette ein draum? Kunne nokon vennligst klype meg i armen slik at eg landa på Moder Jord igjen?  


Men det viste seg at det rett og slett berre var ein fantastisk kjekk telefon å få. Dette var ikkje noko tull. I særdeles godt selskap med Kjartan Fløgstad, Kari Traa, Maria Parr og mange andre høgtståande personar i norsk kultur- og samfunnsliv finn de altså vesle meg. Eg har fått den tolvte Årets nynorskbrukar prisen dei delar ut. Prisen er på femti tusen kroner. Det er utruleg kjekt. Gubbevaremegvel rett og slett. 



I etterkant har eg hatt fleire lange telefonsamtalar med direktøren for Nynorsk kultursentrum, der eg har diskutert bruk av nynorsk på bloggen. Sånn i ettertid ser eg det nesten som om han har måtta overbevise meg om at eg er ein verdig prismottakar. Dei fokuserer ikkje på små skrivefeil og ordfeil, men ser meir på formidlinga av nynorsk som heilheit. Dei legg vekt på syntaksen som det så fint heiter, og ikkje minst bruk av nynorsk i interiørsamanheng. Eg er utruleg audmjuk og lukkeleg. Tenke seg til at nokon skulle setje pris på at eg skriv nynorsk - noko som er heilt naturleg for meg. Eg har aldri vurdert å skrive bokmål ein gong. Det er for langt frå mi eiga dialekt og dermed for langt i frå personlegheita mi. Og det er jo personlegheita mi eg prøver å vise fram i bloggen.


Og så femti tusen då. Det er jo ekstremt mykje pengar. Herr Fe, Samson og eg hoppa rundt i ring på kjøkengolvet medan me hylte og lo, då eg kunne fortelje dei kva eg hadde vunne. "Nå skal me iallefall reise til syden" sa eg. Ungane har aldri vore i syden. Akkurat det er litt sårt for meg, at dei ikkje har fått vore i varme strøk slik dei fleste andre ungar me kjenner. Vel. Med eit smil om munnen logga eg meg like etter inn på Altinn.no, for så å finne ut at eg får tidenes baksmell på skatten. Opp som ein hjort, og ned som ein lort med andre ord. Jaja, sydentur skal me nok få til uansett. Ein vakker dag.

Og nå fokuserer eg berre på ein ting:  eg er Årets nynorskbrukar 2011. Takk til Nynorsk kultursentrum. Takk til mi flinke norsklærerinne på ungdomsskulen, Aslaug Sjo. Takk til min flinke veileiar på Universitetet, Ingunn Thorseth. Takk til Herr Fe. Takk til mamma. Og takk til deg som les bloggen min. Blogginga hadde aldri vore den same utan dei oppmuntrande og kjekke kommentarane de legg igjen her inne. Kan nokon klype meg i armen slik at eg landar på Moder Jord igjen?


PS. Som de ser av dagens bilete har eg nå funne fram nynorskordlistene våre frå bokhylla. Her må ein prøve å framstå som ein verdig vinnar ;) 


Her er forresten pressemeldinga som vart sendt ut i dag. Eg er ikkje 38 før seint i november, men pytt pytt ;) :


Bloggaren Linda Sæbø (38) i Stavanger er Årets nynorskbrukar 2011. Ho får prisen for utviklinga av bloggen ”Den gode feen” til ein viktig stad på Internett, og for innsatsen med å gjere det like sjølvsagt å skrive interiørstoff på nynorsk som det er å skrive om kunst, historie og politikk, seier styret i Nynorsk kultursentrum i si grunngiving for tildelinga.


Prisen er på 50 000 kr og blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela 23. juni.
Geolog med interiørblogg 
– Eg er ubeskriveleg glad, seier prisvinnaren. – Det har vore sjølvsagt for meg å skrive nynorsk, og det har eg ønskt å gjere på min måte, seier Linda Sæbø. Kvar dag er 3000–5000 lesarar innom bloggen hennar. Sæbø er frå Halsnøy i Sunnhordland og bur i Stavanger der ho arbeider som geolog i Statoil. Ho er cand.scient. frå Universitetet i Bergen i 1998.
           
Bloggen har Sæbø skrive sidan 2003, og det var nokså tilfeldig at ho blei ein bloggar. – Vi var nokre jenter som hadde dagleg kontakt i eit handarbeidsforum, og vi fann ut at på bloggar kunne vi syne fram litt av det vi hadde laga. Den gongen var blogg veldig nytt, og eg heldt den hemmeleg den første tida. Å skrive blogg er ein hobby, men eg oppdaterer nettstaden fleire gonger i veka, seier Linda Sæbø.
Ein kulturpolitisk pris 
– Dette er ein kulturpolitisk pris, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. – Interiør og familieliv har vore eitt av dei sterkaste domena for bokmål, og språkpresset i Stavanger-regionen er formidabelt. Då kjem kvar einaste nynorskbrukar på Internett godt med. Hulda Garborg skreiv om interiør i vekebladet For Bygd og By på 1920-talet, andre følgde opp i Nynorsk Vekeblad i 1930- og 40-åra, og litt fanst i Dag og Tid i 1960-åra. I åtte år har Sæbø skrive om interiør og familieliv på nynorsk, og det har ho gjort utan førebilete frå ei vekepresse som behandlar nynorsk som eit framandspråk, seier Grepstad.
           
Den fremste nynorskprisen           
Det er 12. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.  
Årets nynorskbrukar 2000–2011
2000     Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård
2001     Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge
2002     Ringstabekk skole, Bærum
2003     Redaktør Martin Toft
2004     Musikkgruppa Side Brok
2005     Forfattar Kjartan Fløgstad
2006     Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa
2007     Forlagsredaktør Guri Vesaas
2008     ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin
2009     Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal
2010     Forfattar Maria Parr
2011     Bloggar Linda Sæbø

mandag, mars 28, 2011

Kjole av eit putevar



 





















I kveld har eg ingen kreative krumspring å vise til frå dagen som straks er over. Ingen kreative krumspring verken frå symaskin, strikkepinnar eller malekost og sparkelskei. Eg syner i staden til fordums innlegg der eg viste fram verdas finaste vesle Almamor, iført ein liten kreasjon som tok sånn cirka ti minutt å lage. Nemleg kjolen med det klingande norske namnet putevarkjole (pillowcase-dress).  

Den gong då hadde eg kome over ein blogg og ein framgongsmetode for å sy ein kjole av eit putevar. Eg brukte ikkje putevar til denne kjolen, men tok i stadan eit herleg stoff frå japanske Kokka Fabric i bruk.

I dag er eg direkte forundra over kor ofte ein ting kan dukke opp på vidt ulike stader. Då eg klikka meg inn i framgongsmetode-innlegget i kveld oppdaga eg at den eine kjolen, altså denne:

Foto: tjuvlånt frå A room somewhere
...er sydd av det same stoffet som eg brukte i denne veska:

Eit stoff som eg tidlegare kjende igjen i desse fantastisk fine barneklærne frå Schuster & Haugaard eg kjøpte i hine hårde dagar:


Er det ikkje artig med slike samantreff?
Og så tilbake til hovudpoenget med dagens innlegg: er du ute etter eit raskt og enkelt syprosjekt, er altså ein slik putevarkjole å anbefale.

Ha ei god natt og ein finfin tirsdag i morgon.
God klem herifrå :)

Sommartider??


Til den fyrste dagen med sommartid vakna me opp til vinterkvitt landskap og dalande store snøfnugg. Feberen set framleis i hjå enkelte av den yngre garde, og dagen har difor blitt nytt innandørs - sett vekk frå ein svippomtur til legevakt og apotek.


Innimellom strabasane har eg dilla litt med symaskina. Ein kjole etter Alma har blitt forminska til ein kjole til dukka. Eit raskt og enkelt prosjekt med eit nokolunde ok resultat.


Kjolen er full av skjønne knappar og applikasjonar, og det er jo toppers med gjenbruk av plagg :)


I min søken etter inspirasjon på dukkekledefronten fann eg denne bloggen med mange "tutorials" for "how-to-make-doll-clothes". Resultatet vart denne kjolen, sydd av eit gammalt babydynetrekk frå stofflageret :) Borrelåslukking i ryggen gjer det enkelt ved stadige klesskift.


Eg kom også over sida til Germandolls på Flickr, som altså lagar dei skjønnaste dukkeklærne og minidukkene i verda. Stikk inn og kikk du også.

Som de kanskje skjøna av det første bilete i dagens innlegg, er eg i gong med eit nytt restegarnsprosjekt. Desse er omsider ferdige, og etter å ha funne dei fantastiske vottane her, måtte eg berre setje i gong.  Først ut er vottar til Alma. Gutane i huset er ikkje så glad i vottar, så det spørs om eg ikkje skal lage eit par til meg også til slutt.


På oppussingsfronten går det ubeskriveleg sakte på fram. Me byrja først med å sparkle over strietapeten på veggene, men du og du kor vanskeleg det er å få det jamnt og fint. Her må det nok mange repeterte sparkle, tørke, pusse økter til. Mellom skapdørene enda det med at me fjerna tapeten for å få best mogeleg resultat. Akkurat nå ser store delar av veggoverflatene i gangen derfor slike ut. Aj aj aj, her ventar det timesvis med pussing, gitt:


Golvet i gangen var i grunnen hovudårsak til at me sette i gong med oppussing her. I fare for at enkelte besvimer av sjokk viser eg under tvil før-bilete over korleis det såg ut ;) : 


Det brunfarga filtteppet er heldigvis historie. For sjølv om veggene langtifrå er ferdige, har me fått nytt golv på plass. Me hadde besøk av nokre flittige golvleggjarar her ei helg, og då benytta me sjansen til å få litt hjelp. Gulvet er Markland frå Ikea, og eg blir meir og meir glad i det. Eg frykta at det kom til å vere skamglatt, sidan det har høgglansa overflate, men det er rett og slett ikkje eit problem i det heile. Så snart vegger og listverk er på plass, trur eg det vert finfint.


 Overgang mellom bad og ganggolv før:

 ...og overgang mellom bad og ganggolv etter. Og der fekk eg jammen vist fram nymalte skapdører på badet også ;) (skapdørene var før bøkefarga, men er nå mørkegrå).


Som du forstår, er me i full gong med oppussing både her og der. Progressjonen er berre så ubeskriveleg treig, he he. Men det er om å gjere å ikkje stresse, ikkje kave og heller nyte livet litt - ikkje sant?

Om du framleis heng med i dette milesvis lange innlegget, vil eg benytte anledningen til å ynskje deg ei flott komande veke. 
Klem frå Linda

lørdag, mars 26, 2011

Finfine notatbøker


Me måtte ein tur på Clas Ohlsson i går - for å fornye teiknesakerutstyret vårt. Med febervarme skjønnasar i hus, må me jo finne på kjekke aktivitetar innandørs. Vel. På Clas Ohlsson finn eg alltid masse fint, og i går havna desse geniale notatbøkene i handlekorga på veg mot kassen.

Geniale er dei fordi:
* dei har plastlomme i fronten der eg kan legge inn eit bilete, ein teikning, eit dikt, ein pressa blomst og så vidare.
*dei har skiljeark, slik at eg kan fordele notatane over fleire tema.
*dei har strikk som held notatboka samla sjølv om den skulle ligge å dingle oppi ei diger veske.
* dei kosta berre rundt 35 kr.

Hm, hadde dei berre vore ulinjerte og med litt betre kvalitet på papiret så hadde dette vore den superduperperfekte skissebok.

Avslutningsvis får eg skrive som så mange andre medbloggarar gjer for tida:
Nei, eg er ikkje sponsa av Clas Ohlsson. Ei heller nokon andre for den slags skuld.

Laurdagsluksus er å kose seg inne med varm relax Pukka-te (gåve frå ei superskjønn venninne) i koppen. Så får eg prøve fortrenge at denne nydelege solfylte dagen må nytast innandørs.
Tudelu

fredag, mars 25, 2011

Dagens uventa prosjekt


I dag er eg heime frå jobb med alle dei tre go'ingane våre. Med feber som herjar i kroppane deira, tung pust og stygg hoste er det ikkje anna enn å kose seg heime. Eg ante ugler i mosen allereie i går, og har derfor med meg masse jobbeprosjekt heim. Dei får eg spare til kveldsroen har senka seg, nå rår nemleg det komplette kaos av leiker, teiknesaker og høgt volum. For å liksom toppe det heile svinga eg i gong Elna på kjøkkenbordet.

Ny reim til kameraet har eg hatt lyst til å lage heilt sidan eg såg at Haust hadde sydd seg ei ny kamerareim for åresvis sidan.  Reima mi vart fargerik, og eg er supernøgd. Å ta bilete av reima på kameraet er derimot litt verre.

Nå skal me sløve i sofaen og sjå ein eller annan Astrid Lindgren film.

Fin fredag og god helg til deg!

P.S Søker du på camera strap på Flickr finn du haugevis av finfine kamerareimer.

onsdag, mars 23, 2011

Kvitring frå Polly


Eg er framleis forelska i små fuglehus. Dei er liksom så yndige i all si enkelheit.

Med gårsdagens innlegg friskt i minne der eg proklamerer høgt og tydeleg at me ikkje treng meir dill og dall og ting og tang, må eg flire litt av meg sjølv altså. Det er jo ikkje slik at eg aldri meir kjem til å kjøpe dilldall. Herlighet, det kjem eg jo aldri til å klare. Eg prøver berre å vere litt bevisst kva eg drar heim, og tenker meg om både ein og to gonger før eg drar VISA'en.

I helga var me heime på Halsnøy, og som vanleg svinga me innom favorittbutikken på laurdagshandlerunden. Der bugna det av nye fiiiine varer, og eg fann ut at dette fuglehuset vil gjere seg godt på Almas rom. At det var omtrent gratis var jo også ein positiv faktor. Eg tenkte meg sjølvsagt om både ein og to og tre gonger, og vart einig med meg sjølv i at dette måtte me ha ;)


Det er visst fleire enn meg som likar skjønne små fuglehus. Polly Pocket har vore så freidig at ho har flytta rett inn. I staden for fulgekvitring frå ein lukkeleg liten spurvefamilie, er det berre jamringa frå Polly som har kilt seg fast i døropninga me høyrer ;)


Eg elskar at ungane tar i bruk pynteting til leik. Då får liksom pyntetinga ein ekstra funksjon då dei vert ein bruksting. På same måte elskar eg jo også at brukstinga er ein pynteting, så dette er ein evig runddans :)

Ha ein flott torsdag i morgon!

P.S. Tøydukka som har hoppa oppi kjøkkenmaskina er eit herleg bruktfunn. Er det nokon som tilfeldigvis har sett slik tøydukke før og kan fortelje meg litt om den? 

P.P.S. Akkurat nå vart eg plutseleg usikker på om det er ei Polly Pocket dukke som har busett seg i fuglehuset. He he, det er jo ikkje så nøye vel? :)

tirsdag, mars 22, 2011

Sooooo happy


I kveld skal eg vise dåko grunnen til at eg innførte sjølvpålagt kjøpestopp for ting og tang og dill og dall i januar. For det første sparar eg som tidlegare nevnt til ein kjekk ferietur for heile familien. For det andre treng eg i grunnen ingen fleire koppar, kar og dilldall. Lampar og belysning derimot, det var det manko på i stova. For oppsparte midlar har eg derfor kjøpt lampen over alle lampar.  


Nemleg ein vegghengt Bestlite by Gubi. Ein lampe me skal ha resten av livet. Nå slepp eg sitje å myse over strikketøyet på kveldstid i så dunkel belysning at det er umogeleg å sjå om maskene er vrange eller rette. Dette vert jo knallbra ;) Lampen kan justerast i fleire retningsar, både sidelengs og opp og ned.


Dagens bilete er aldeles ustyla, og som de så vidt kan sjå føregår det vill ballongkrig uti kanten av bildefeltet. I tillegg ligg det rosiner strødd utover hist og her. Simon er nemleg like glad i å leike med maten som å ete den ;)


Tusen takk for alle skjønne kommentarar på forrige innlegg. Ja, Fuglemamma, bildekvaliteten var så dårleg i starten. Skrekk og gru :) Digitalkamera var det ikkje mange som hadde på den tida, og i tillegg kosta dei vanvittig mykje. Eg tok eit lite webkamera i bruk for å kunne vise bilder i bloggen. Eit webkamera som maks kunne flyttast 1 meter bort frå PC'en, så berre det å ta interiørbilete var ein prosess i seg sjølv :) Alle bileta er av Samson, og det er løye at de også ser kor vanvittig lik minstemann er på storebroren sin.

Åtte år går vanvittig fort, men eg tvilar sterkt på at eg held ut i åtte nye.

Ha det godt, eg er snart tilbake :)

mandag, mars 21, 2011

Litt mimring?


 I desse dagar er det over åtte år sidan eg oppretta min første blogg på Sprayblogg.no og starta dele små drypp av livet mitt. I denne samanheng har eg leita i bilet-arkivet i kveld. 
Eg har skamkosa meg med å sjå på gamle bilete. 
Fryda meg over kor skjønn Samson var som liten.
Gremmast over kvaliteten på bileta (brukte eit web-kamera tilknytta PC'en).
Ledd av interiøret.
Lengta tilbake til leiligheten i Sigurdsgate i Bergen.
Lengta etter å bu på Landås i Bergen.
Eg har hatt ein finfin kveld med andre ord. 

Her er eit utval bilete frå 2002/2003/2004:

 














Nå er eg kjempespent på om nokon har fulgt bloggen så lenge at dei kjenner igjen nokon av bileta (alle har vore publisert før).

Ha ei god natt!
Related Posts with Thumbnails