torsdag, februar 24, 2011

Gjengangar - spørsmål som går igjen


Som dei fleste andre bloggarar får eg haugesvis av koselege og kjekke e-postar. Somme ynskjer berre å fortelje kor begeistra dei er for bloggen min, og eg blir sååå glad for slike helsingar. Andre lurer på stort og smått. Kvar dag får eg kanskje 10-20 e-postar, og det er dessverre slik at eg ikkje rekk svare på halvparten. Det betyr ikkje at eg ikkje har lyst, men tida strekk ikkje til. Denne bloggen kunne ha vore ein heildagsgeskjeft reint tidmessig, men det går jo ikkje an. Sidan eg er veldig bestemt på at dette er rein og skjær hobby, så er eg også veldig bevisst på kor lang tid eg brukar på PC'en kvar kveld. 



Eg tenkte derfor å svare på ein del av spørsmåla i dette innlegget her. Effektiv vettu :)
Ein gjengangar på e-post er kor  
tallerkenhylla  
med barnebøker er ifrå. Den er frå Møbelringen, og eg fekk den til jul i 1991. Den gong var den syrebeisa, og ikkje fullt så fin som nå når den er kvitmalt og med nye knottar på. Eller nye og nye, Fru Blom, det er vel 5 år sidan eg fiksa den opp nå, men pytt heller.


Eit ofte stilt spørsmål er også kva fargekoden på den knallgule stolen me har i stova. Fargen heiter
signalgul  
og finst på eit utgått Butinoxfargekart (ligg på dataene på fargehandlarane). Fargekoden på dei 
lilla  
møblane på barnerommet har eg dessverre ikkje lengre, men om du Googlar litt rundt, finn du den sikkert her i bloggen (veit eg har oppgitt den eit par gonger).


Her er svar på litt meir smått og stort:

Kvitfargen  
me har malt alle tak og vegger i huset med har ingen fargekode - den er berre ferdigblanda kvitmaling i ulike spann og kvalitetar. Ingen fiksfakseri, enkelt og greit.

Dei lyseblå prikkete  
ildfaste 
formene me har i kjøkkenhyllene er frå Green Gate. Mine er frå Sæbøvik Gaver og leker.

Huene 
 eg heklar er laga utan oppskrift, men er sikker på at du finn oppskrift på hekla hue om du googlar litt. Lukka til :)

Kjøkkenbordet vårt er frå Ikea, men eg har mala  
benkeplata  
på den kvit (er vel egentleg i eik).


Ja, det var dei spørsmåla eg kom på i farten. Still gjerne spørsmål i kommentarfeltet, så skal eg psøve å svare så godt som eg kan.

Herleg at fredagen straks er her :)
Ha 
ei
flott  
helg
!

8 kommentarer:

Inger sa...

Åååh, det "huset" som hang på tallerkenhylla der; barndomsminner! :D

Kiiromi sa...

Vad mycket gulliga bilder.

/Mia :)

Kobra sa...

For en herlig blogg du har!! Mange herlige bilder! :D

Anonym sa...

Heisann!

Likar bloggen din kjempegodt! Tenkte berre eg skulle tipsa deg om ein blogg om ei dame som har byrja laga møblar og som legg ut planteikningar av alt ho lagar slik at me andre dødelege kan gjera det same. Ho har mellom anna laga ei slik bokhylle/tallerkenhylle. Håpar du likar den! http://ana-white.com/

Helsing Elin, blogglesar av rang:)

Marit sa...

Lurt å effektivisere svaringa. Takk for gode tips! Du har en veldig fin blogg! Marit

Julie sa...

underbar!

g u r o sa...

Så tolmodig du er! Har jo fulgt deg ei stund, og kjenner att mykje av det du fortel, men eg skjønar godt at nye lesarar berre må spørre og spørre, for du viser jo så utruleg mykje fint! :)

Ønskar deg ei strålande helg, med sol og snøsmelting og ein fin og frisk familie!

Klem

katrine sa...

Har bodd i Frankrike i over 20 àr, og har sans for skandinavisk design. Tar stadig en titt pà din appetittelige blogg; BRAVO! Ta en titt http://www.lamarelle.net (det betyr "hoppe-paradis"); jeg vet ikke om de selger i Norge, men norske venninner faller i staver nàr de er innom min naermeste forhandler. Kanskje det kan inspirer deg?

Related Posts with Thumbnails