mandag, februar 28, 2011

På stell

 I ettermiddag har eg kosa meg med å setje på plass ting og tang i skapet på badet. Klarar ikkje vente til helga igjen med å ta skikkelege bilete i dagslys, så de får kornete uskarpe bilete servert i dag.


På badet har me to innebygde romslege skap, som vart kvitmalte inni då me flytta inn for tre år sidan. Nå var kvitfargen gulna såpassa at det vekte stor irritasjon hjå meg. I tillegg var behovet for ei skikkeleg opprydding stort som de kan sjå. Det er under tvil eg legg ut desse bileta som syner at kaoset rådar bak lukka dører her i huset ;)


Eg ville finne ein anna farge ein kvit (kvit oljemaling gulnar alltid) og landa på mørekgrått. Ikkje verdas mest spenstige fargeval, men fargen passar svært godt til dei gråe gulvflisene.  Fargen er dessutan nøytral og tidlaus - slikt likar me.

 
I kjøkkenavdelingen på Ikea fann eg desse kvite boksane i hardplast. Eg kjøpte to ulike storleikar, trur den minste kosta 25 kr og den største 45 kr. Billige og fine :) I håp om at det nyoppretta ordenssystemet skal oppretthaldast framover i tid, vart boksane merka med dymotape. Det er så godt når det er på stell i skuffer og skap, ordensmenneske som meg er får sjelefred av slikt ;)


Dette armbandet frå Snö of Sweden fekk eg forresten til jul, og eg syns det er fantastisk fint. Nå fekk eg jammen vist det også fram, he he.


Badet er langtifrå ferdig. Eg har lyst til å male frontane på baderomsmøblementet, samt dekorere skapdørene på dei innebygde skapa med litt tekst. Deretter står gangen utanfor for tur. Digert spann med sparkel er kjøpt inn for at me forhåpentlegvis skal klare å kvitte oss med litt strie-look på veggene.


Ha ein fin mandagskveld der ute.

Eg er snart tilbake :)

søndag, februar 27, 2011

Ymse


Dei første bileta røper at eg har havna fullstendig på køyret igjen, etter at eg i heile januar praktiserte ikkje-kjøp-noko-som-helst-unødvendig for å hindre at me druknar i ting og tang her heime. Nå er det ikkje verdas mest kostbare og plasstakande ting eg har kjøpt: masse fantastisk papir frå Rie Elise Larsen (kjøpt hos SMAK på Sandnes)...


Og finfine dynetrekk og forklede frå Fretex inni sentrum. Jammen på tide at eg fann nokre retrostoff som var i nærleiken av å gje litt høgare blodtrykk, er jammen ikkje ofte det skjer, nei.


Malinga tørkar vanvittig treigt på badet. Dvs tørketida er heilt normal, men eg skulle jo helst ha satt på plass ting igjen allereie i går. Så for å få tida til å gå har eg fått ferdig nokre småprosjekt.


Ein genser etter Alma hadde flekker på brystet som ikkje gjekk bort i vask. 


Ein påsydd bil  med perlemorsknappar kamuflerer flekkene og gjer genseren meir spesiell.


Stoffet er eit herleg jerseystoff eg fekk frå TAMO ein gong, og eg fekk også til å sy ei pysjbukse på frihand. Kanskje havnar framgongmåten eg brukte på oppskriftsbloggen, må berre få skissert det ned først :)


Klærne vart ferdige like før Simons formiddagslur. Her er han lei av fotograferinga og på veg mot trappa opp ;) Han kosar alltid med øyrene sine når han er trøytt, godguten vår :)


Kom då mamma, eg vil lalla nå :)

Ha ein flott søndag!

Gutterommet


Hei hei alle saman, det vart eit seint innlegg i dag, gitt.


I dag viser eg eit lite glimt frå eldstemann sitt soverom. Me har nemleg rydda og sortert i all LEGO'en og vaska og dilla litt der i dag. Sååå herleg og ikkje minst kjekt. 


Var innom Clas Ohlsson så aller snarast i formiddag for å kjøpe malekostar, og kom i tillegg heim med denne knalltøffe lampen/glødepæra med tekstilkledd ledning. He he, er det ikkje typisk? Syns den passa glimrandes inn på Samsons rom, og han sjølv likte den heldigvis også.


Ledningen er litt krøllete enno, men eg reknar med at det rettar seg ut etterkvart :) På bildene får de imidlertid også glimt av sommarfuglsamlinga me opparbeidde oss i sommar. Me gledar oss til å fortsetje jakta til sommaren :)

 Til metallkassen frå Living bygde eg for ei tid sidan eit understell av gamle sengebunnsplankar og monterte på hjul (også Clas Ohlsson). LEGO'en var forøvrig kamuflert av eit par puter då eg tok bilder..
I kveld har eg mala inni to stadbygde gamle veggskap på badet, i tillegg til at taket, alle lister og dører har fått seg ein svingom med malekosten. I morgon er det truleg innflyttingsklart i skap og skuffer, og de får stikke innom om de vil sjå før og etterbilder :)

Over og ut - God natt

fredag, februar 25, 2011

Helgeplanar


Aj aj aj, så herleg det er med fredag og ei heil ubrukt helg framfor oss. Eg vart brått gripe av ein vanvittig trang til å fikse på alt mulig. Både badet og alle soveromma har eg fått inspirasjon til å fikse sånn brått og brutalt. Eg trur jammen eg må på både Ikea og malarforretningen i morgon :)
 

Sidan inspirasjonen og motivasjonen er på topp skal eg i kveld fortsetje der eg slapp då forrige helg var over. Denne heimesnekra dukkesenga kjøpte eg på Fretex i fjor sommar. Den passar perfekt til Maileg-kaninene eller som båt for minstemann i huset. Fargen er imidlertid ikkje heilt optimal. Lilla spraymaling er derfor kjøpt inn til senga, og planen er å sy mange madrasser til å ha oppi senga, slik at den vert litt sånn alla prinsessen på erten. Følg med, følg med :)

Det har vore lite interiørrelaterte innlegg her inne i det siste, men nå håpar eg snart det vert ei endring på den fronten også. Eg boblar nesten over av lyst til å gjere alt, så eg trur eg skal starte med å lage ei prioriteringsliste. Ja, det skal eg...NÅ  :)

Ha ei like super helg som eg planlegg :)

torsdag, februar 24, 2011

Gjengangar - spørsmål som går igjen


Som dei fleste andre bloggarar får eg haugesvis av koselege og kjekke e-postar. Somme ynskjer berre å fortelje kor begeistra dei er for bloggen min, og eg blir sååå glad for slike helsingar. Andre lurer på stort og smått. Kvar dag får eg kanskje 10-20 e-postar, og det er dessverre slik at eg ikkje rekk svare på halvparten. Det betyr ikkje at eg ikkje har lyst, men tida strekk ikkje til. Denne bloggen kunne ha vore ein heildagsgeskjeft reint tidmessig, men det går jo ikkje an. Sidan eg er veldig bestemt på at dette er rein og skjær hobby, så er eg også veldig bevisst på kor lang tid eg brukar på PC'en kvar kveld. 



Eg tenkte derfor å svare på ein del av spørsmåla i dette innlegget her. Effektiv vettu :)
Ein gjengangar på e-post er kor  
tallerkenhylla  
med barnebøker er ifrå. Den er frå Møbelringen, og eg fekk den til jul i 1991. Den gong var den syrebeisa, og ikkje fullt så fin som nå når den er kvitmalt og med nye knottar på. Eller nye og nye, Fru Blom, det er vel 5 år sidan eg fiksa den opp nå, men pytt heller.


Eit ofte stilt spørsmål er også kva fargekoden på den knallgule stolen me har i stova. Fargen heiter
signalgul  
og finst på eit utgått Butinoxfargekart (ligg på dataene på fargehandlarane). Fargekoden på dei 
lilla  
møblane på barnerommet har eg dessverre ikkje lengre, men om du Googlar litt rundt, finn du den sikkert her i bloggen (veit eg har oppgitt den eit par gonger).


Her er svar på litt meir smått og stort:

Kvitfargen  
me har malt alle tak og vegger i huset med har ingen fargekode - den er berre ferdigblanda kvitmaling i ulike spann og kvalitetar. Ingen fiksfakseri, enkelt og greit.

Dei lyseblå prikkete  
ildfaste 
formene me har i kjøkkenhyllene er frå Green Gate. Mine er frå Sæbøvik Gaver og leker.

Huene 
 eg heklar er laga utan oppskrift, men er sikker på at du finn oppskrift på hekla hue om du googlar litt. Lukka til :)

Kjøkkenbordet vårt er frå Ikea, men eg har mala  
benkeplata  
på den kvit (er vel egentleg i eik).


Ja, det var dei spørsmåla eg kom på i farten. Still gjerne spørsmål i kommentarfeltet, så skal eg psøve å svare så godt som eg kan.

Herleg at fredagen straks er her :)
Ha 
ei
flott  
helg
!

Håndlaga 2011

I dag vil eg tipse dåko om Håndlaga 2011, ei mønstring for skapande sjeler over heile landet. Eg har fått det ærefulle oppdraget i å vere dommar i kategorien BARN, og eg håpar på mange finfine bidrag.

Flinke Elisa Kolle, med nettbutikken Lin & Papir og eplabutikken Blåbær, og like flinke Unni Strand med eplabutikken Strand, står bak Håndlaga 2011. Eit superspennande initiativ, syns eg :)

Eg har saksa litt info frå Håndlaga-bloggen, og her kjem den:

Strikker du votter? Syr du dine egne klær? Snekrer du leketøy?



Bli med på årets store begivenhet og vinn flotte premier!


Vi arrangerer Håndlaga 2011; en mønstring for skapende sjeler over hele landet!

I Norge er det utallige dyktige mennesker som lager, former og skaper til seg selv og til andre. Inntoget av sosiale medier de siste årene har gitt oss helt nye møteplasser; blogging, fotoutveksling og markedsplasser for håndlaget har stimulert og gitt næring til et stort virtuelt fellesskap av kreative mennesker.


Vi ønsker å rette søkelyset mot den store bredden av håndlagede ting i Norge, vise fram håndarbeid av høy kvalitet og feire fellesskapet som får fram slike gjenstander. Derfor utlyser vi denne konkurransen, et norsk mesterskap i håndlaget!


Konkurransen finner sted på handlaga.no. Det vil være åtte kategorier som vi håper skal klare å fange opp bredden innen dette feltet. Alle kan nominere til konkurransen og man kan nominere to gjenstander til hver kategori; en selvlaget og en laget av noen andre. Alle gjenstandene må være publisert på nett, f.eks. i en blogg, på Epla eller annet nettsted.


Nominering foregår i perioden 28. februar til 18. mars. Når denne runden er over vil et dommerpanel vurdere alle nominasjonene og plukke ut ti finalister i hver kategori. Disse blir kunngjort her i bloggen 30. mars, og da åpner vi for avstemning! Alle som vil kan stemme i hver kategori.


Avstemningene er åpne frem til 12. april, og 14. april kunngjør vi vinnerne!



Ok, då er det berre å hive seg rundt og melde seg på :)
Ha ein flott torsdag. Eg ser fram til ein herleg ettermiddag med lite planar. Kanskje me skal svinge saman ei vaffelrøre eller ein bolledeig... får sjå kor mykje me orkar når middagen er i magen :)
 
Ha det godt!

onsdag, februar 23, 2011

På pinnane


Eit nøste med alpakkagarn er i ferd med å bli omforma til varme "lubber" til Almamor. Det går ganske så treigt med sokk nummer to, var liksom mykje kjekkare å strikke den første. Kom eg til  få det til? Oppskrifta eg brukar fann eg på Drops sine sider. Ingenting gjer meg betre samvittighet enn når ungane er kledd i varme og gode plagg, og særleg om dei er heimelaga. Dessverre er det få heimelaga plagg produsert av meg her i huset, men eg jobbar med saken som de ser ;) Korleis er det med deg, er du flittig med strikkepinnar og garn?

"Lubbene" ligg oppå heksagonteppet eg ferdigstilte i sommar (hugsar ikkje fargekodar på garnet lengre).

Vips var veka halvveis overstått, håpar den har vore fin så langt for deg :)
Nå skal eg sjå om eg rekk strikke nokre omgangar før senga kallar. Ha det godt!

mandag, februar 21, 2011

Fine ord og gode minner


Ein hjerteboks full av gode ord og fine minner. På Alma sin dåpsdag la me ut hjerteforma post-it-lappar og ba alle gjestene skrive ei lita helsing til dåpsbarnet. Tre år etter er dette noko av det kjekkaste ho veit at me les for henne :) 


Eg legg det ut ut i dag, for kanskje andre syns at dette var ein god idè til anledningar då venner og familie er samla? Skrivne ord kan jo både liten og stor setje pris på.


Eg har iallefall alltid satt pris på skrivne ord, og nå prøver eg vere flink til å skrive ned smått og stort frå unganes kvardag. Var sååå flink med eldstemann, litt mindre flink med andremann, og elendig med yngstemanns notater. Full skjerpings der. 


Nå skal eg ut og sjekke om det er for mørkt å skru fast nytt tak på leikehytta i hagen :)

Ha ein fin kveld, klem herifrå

søndag, februar 20, 2011

Solstråler inn i huset


Det er fantastisk vèr i Stavanger nå *bank i bordet*, og det er sååå herleg når sola strålar inn vindaugene. Me har fått gjort masse kjekt i dag, men på langt nær så mykje som me (eller iallefall eg) hadde tenkt at me skulle.  Dei to minste er litt småforkjøla igjen, så den planlagte skituren vart utsett for eksempel. Jaja, pytt pytt, vinteren er enno lang.


På magnettavla heng ei oppskrift på julekaker, og det er heilt bevisst. Oppskrifta skal få henge der fram til november, he he. Det irriterer meg nemleg at me aldri lage desse julekakene som ser så gooooode ut, så nå skal dei henge der og høvesvis friste meg og irritere meg :)


Etter å ha vore prega av influensa i over tre veker, syns eg det er sååå godt når eg nå kjenner at energien er i ferd med å verkeleg vende tilbake. Eg er frisk rett og slett :)  
Eg har fått sydd litt småplukk i dag, og fått kryssa bort fleire ting frå To-Do-lista. Ei liste som ikkje eksisterer på papiret altså, men meir ei slik liste som ligg i bakhovudet og gneg i større og mindre grad. Å sy posar fullspekka av tørka lavendel er ein av tinga eg har planlagt lenge, og nå er det gjort. 


Det er inga lukt eg likar betre enn tørka lavendel, og etter å ha sydd lavendelposar i dag luktar det godt i heile huset. Lovely. Lavendelen ligg oppi favorittskåla mi, eit bruktfunn i skjøraste porselen med den finaste fargen. 


Lavendelposane er ikkje så reint ulike erteposane i fasong, men med eit heilt anna føremål. Første lavendelposen sydde eg i det raude hjertestoffet frå ByGraziela, og den andre er sydd av eit retrostoff frå Borghildpia.


Nokre nye erteposar vart det også tid til i føremiddag, då første ladning er i full bruk av småfeane. Det var ein lesar som lurte på storleiken på posane i forrige innlegg. Eg har ingen faste mål eg brukar, men tippar at dei er cirka 12 x 16 cm før eg syr dei saman. 




Helgeblomstrar denne helga vart Primula på stilk i tandre fargar. Dei var så skjønne at eg ikkje klarte late dei stå igjen i utrivelege omgjevnader på Rema 1000.  Nei, dei måtte komma heim til mammo si rett og slett.

  
Gamle bøker med fine fargar i margen er henta fram frå bokhylla.


Det går framleis i mindre fargespreke kombinasjonar i stova, men nye prosjekt er i sving. Eg rakk ikkje begynne å sy nye putetrekk i dag, men Elna står framme, og skal ikkje setjast bort før eg er ferdig. L'en skal tapetserast tenkte eg, og etter å ha sett Fjeldborg sitt fine resultat då ho tapetserte &-teiknet sitt, så fekk eg ikkje mindre lyst til å finne fram saks, tapet og tapetlim. Men i kveld er det ikkje lov med fleire skal-berre-tapetsere-dittogdatt, nå skal eg sove :)


Ha ei flott flott veke  


PS! Eg kjem snart med eit innlegg med svar på mange av spørsmåla
de legg igjen i kommentarar og på e-post :)

lørdag, februar 19, 2011

Reint


Så artig at det er mange som deler samme Skal-berre-diagnose som meg, det er godt å vite at ein ikkje er åleine rett og slett. Når det er sagt, så skal det innrømmast at eg øver meg på å bli mindre prega av "lidelsen". For eg slappar sjeldan av sidan eg heile tida berre skal nett gjere ditt og datt før eg set meg ned i sofaen, og det er jo ikkje bra i lengden å få så lite søvn. Men så er eg vel slik av personlegheit at eg ikkje klarar gå i gong med noko nytt før alt det andre er på stell, så det er ikkje så lett, nei :)



Men akkurat i kveld kan de tru at eg har fred i den husmormessige delen av sjela mi. Forrige helg rydda eg i alle klesskap, og i dag har eg rydda og vaska og skurt inni alle kjøkkenskap. Trøste og bære. Eg ser på meg sjølv som eit ryddig og reinsleg menneske som til stadighet vandrar rundt med støvkluten, men jammen santen låg det mykje rusk i skuffebotnane når alle matvarer vart fjerna, gitt. Det som var på grensa til pinleg mange makaroniar hadde for eksempel slått seg til ro under alle suppeposane. Nå er det reint og orden frå innerst til ytterst, og eg kan nyte det. Iallefall nokre dagar. Sååå herleg :)


Som de ser går det framleis i fargekombinasjonen lilla/isblått på kjøkkentilbehøret, eg blir ikkje lei den kombinasjonen der med det første ser det ut til.


Sidan huset er ryddig og på stell nett nå, så håpar eg på å få trødd i gong Elna igjen i morgon tidleg. Alma har bestilt fleire erteposar, dyner og madrasser til dukkene, og det trengs nye putetrekk på stoveputene. Er alle feberfrie og raske på foten i morgon, har me også lova dei små håpefulle akebakketur og/eller skitur med kakao i sekken i morgon.  Ja, for me satsar på at det kalde været held seg såpassa, at ikkje dei få centimetrane med snø, som me har fått, vert liggjande :)

Ha ei god natt og ein finfin søndag der ute!
Linda :)
Related Posts with Thumbnails