onsdag, januar 26, 2011

Sofagrisar


Me er ein gjeng sofagrisar om dagen.


Varme, sløve sofagrisar med smilet på lur.

Det gledar meg å sjå at ungane ser ut til å vere over den verste kneika. Feberen er lågare i dag enn i går, og aktivitetsnivået ein smule høgare.


Minipinifeen er i toppform igjen, og har allereie klart å få gjort nokre rampestrekar, he he.


Bileta talar for seg sjølv :)



Eg flatar ut på sofaen igjen nå, måtte berre nett innom her for å takke for alle kjekke kommentarar på dukkeklærinnlegget i går. Tusen takk - de er toppen! Ha det godt :)

tirsdag, januar 25, 2011

Det heile starta med ei nydeleg julegåve


Av og til vert eg så inspirert at eg veit knapt kva fot eg skal stå på.


Alma fekk fantastisk nydelege dukkeklær til babydukkene av Hobbyhus-Merete (mitt kjære søskenbarn) til jul. Og dette medførte at strikkekorga mi kom fram igjen, og så snart eg gidd og har tid klirrar eg med pinnane for å lage små dukkeklær eg også. Det er eit takknemleg arbeid for ei utolmodig sjel - går jo så fort å strikke så små plagg - trass i tynne pinnar og garn. 


Favorittdukkeklæroppskriftene er frå eit Hendes verden frå 2004, og desse har eg samla på lenge før Alma i det heile tatt var påtenkt. Artig :)


Over og under her ser de ein smakebit av den fantastiske julegåva som snuppiluppa fekk. Tusen takk snille snille Merete, utruleg kjekk julegåve. Du er heilt rå på pinnane! Gutane fekk seg forresten verdas finaste strikkegensarar, som de garantert får sjå ved eit anna høve.


Alma er ei skikkeleg omsorgsfull babydukkemamma, og dukkene vert dulla og stelt med så snart ho har anledning :)


Bestemor på Halsnøy er også ein flittig strikkar, og har laga mange kjempefine små plagg. Sååå kjekt å få og såååå kjekt å ha i hus :)


I Hendes Verden finn du mengder av kjekke oppskrifter og hobbyidèar. Her er for eksempel strikkeoppskrifter (men eg anar ikkje om dei går så langt tilbake som til 2004).


Det var kjekt at så mange deltok i Dundelina-tevlinga her inne. Eg har kåra ein superheldig vinnar via Random.org, men har ikkje mogelegheit til å ta skjermdump av kåringa på denne PC'en her. Vinnaren er 4 år gamle Sofie, som saman med pappaen sin (!) skreiv:

Hei,

jeg liker best Starry Knight kjolen, fordi den var så fin og hadde så fine stjerner. Melder meg på med 2 lodd. MVH Sofie 4 år (og pappa)

Gratulerer supermasse til vinnaren. Send meg e-postadressa di, så formidlar eg kontakt med Dundelina :)


Det har vore litt trått med oppdatering her inne i det siste. Årsaken er at me alle fem er slått ut av eit eller anna feber-vondter-magesmerter-og-hovudverk-greier. Skikkelege slappe tilstandar med andre ord.

Nå skal eg velte meg i sofaen saman med dei andre, og eg trur jammen me skal fyre laus ein Knerten-film eller noko slikt.

Håpar de er friskare enn oss :) Ha ei god veke. Klem herifrå

OPPDATERING;
At verda vert mindre og mindre får eg til stadigheit bevis på. I dagens innlegg viser eg fram oppskrifter og plagg frå eit gammalt Hendes Verden, og kven andre enn designeren av oppskriftene dukka opp her inne hjå meg;) Stine Hoelgaard heiter den flinke kreative danske dama, og de kan stikke innom bloggen hennar her :) Artig!

onsdag, januar 19, 2011

Vinn ein kjole frå Dundelina



Alle foto: Bodil BO

For ei tid sidan vart eg kontakta av Dundelina med spørsmål om eg kunne tenke meg å lodde ut ein kjole til ein av lesarane mine. Alma har hatt to kjolar frå Dundelina som ho har vakse ut av, og kvaliteten på plagga er fantastisk. Særleg den eine kjolen brukte ho om att og om att, og det visest knapt slitasje på den. Slikt likar me vettu. Plagga er supersøte, med små detaljar som gjer heile susen. Og er du den heldige vinnaren tippar eg at du vert nøgd iallefall :)

Litt info om Dundelina frå heimesida tar eg også med:

The Dundelina collection is a sophisticated combination of books/literature, clothing and accessories which interact with each other in a unique way. Scenes from the stories feature as beautiful embroidered details and characters come alive as hand-quilted toys and accessories which allow children to re-create their own version of Dundelina´s world.

Each year, Dundelina releases a new story written by the renowned Norwegian author Roald Kaldestad. These stories become the soul of the collections, from which all the graphic elements and fabric characters are developed.

Dundelina´s design approach is clean and contemporary. Our clothes are modern but enduring - sophisticated but with an element of fun. We select un-pretentious materials in natural fibres and plain colours which allow the signature graphical details to stand out.

Dundelina clothing is available for girls between 3 and 10. The accessories, soft toys and books can be enjoyed by people of all ages. All items are available for purchase on-line and through selected children´s clothing stores.

For å vera med i trekninga av ein kjole må du gjere fylgjande:


1. Gå inn på http://www.dundelina.com/ og finn favorittkjolen din.

2. Legg igjen ein kommentar på dette innlegget og sei kva for kjole du har valt og kvifor akkurat den er favoritten din (1 lodd)

Dersom du vil ha ein ekstra god sjanse til å vinne, så trykker du i tillegg på LIKER knappen på Dundelina si Facebook-side og skriv ein kommentar på veggen som viser at du kjem frå Den Gode Feen (f eks. Hei via Den gode feen) og du aukar sjansen i trekninga (2 lodd).

Dersom du vinn avtalar du kjoleval, storleik og adresseopplysningar direkte med Dundelina-teamet :)

Masse lukka til!

Ha ein fin fin onsdag, klem frå Linda som er forelska i Publiser-Fram-i-Tid-muligheten til Blogger.



tirsdag, januar 18, 2011

Bensin på bålet


Nye stoff og fargerike tekstilar er som bensin på bålet for meg, for kreativiteten boblar omtrent over.

Nå har eg fått så mange nye stoff i hus at eg kjenner at det nesten vert for mykje for ei stakkars sjel. Går jo med konstant høgt blodtrykk og hjernekjør; "Eg kan lage det, eller ein slik, og hadde ikkje det vore ein genial ting å sy?" Hi hi, neida eg taklar det fint, men blir til tider ein smule frustrert over at eg ikkje har tid til å lage noko av alle dei fine tekstilane. I kveld trur eg at eg skal droppe støvsuginga, og heller satse på ein lang date med trufaste Elna på kjøkkenbordet ;)
I førjulsgåve fekk eg dette fantastiske hjertestoffet frå By Graziela frå ei supersnill fin dame eg kjenner. I love it!!! Trur dette må bli dynetrekk og putevar til dukkesenga til Alma...pluss masse anna fint.

Hin dagen poppa det ned ein pakke i postkassa. Ganske så sjokkerandes for meg, sidan eg i grunnen har pålagt meg sjølv kjøpestopp på ting og tang, klær og leiker for tida ;)

Innpakninga gav meg snart eit hint om at eg hadde mottatt ein pakke frå Tamo. Og ganske riktig. JUHU, innehavaren av Tamo har sendt meg ei utfordring, der ho vil eg skal sy noko fint av desse stoffbitane her. Tusen hjarteleg takk; utfordring mottatt og forhåpentlegvis snart igongsett *smil*.

Eg elskar elefantstoffet og ser både det og dei andre nydelege stoffa for meg som dekorelement på klær, på putetrekk, sengetepper og små vesker og pungar. Hmmm.

Barbara, som driv Tamo, har kasta seg ut i blogglandia. Riktig velkommen til deg :) Bloggen finn du her .

Har du også lyst til å sy, men veit ikkje kva? Då skal eg tipse deg om noko som inspirerer meg utruleg mykje. Det er å gå inn på Flickr og søke på for eksempel crafting japanese, zakka, sewing og så vidare. Masse lukka til.

Ha ein superduper tirsdag, klem frå Linda

søndag, januar 16, 2011

Søndagskos


Og vips så var helga omtrent over. Er det fleire enn meg som syns dagane og ikkje minst helgene fyk i vindens fei, eller?


 I dag har me pusla rundt i huset, og rydda både i kjellar og på loft. Tok meg ei ryddeøkt på Alma sitt rom også, og knipsa nokre bilder i farten.


 Favorittkjolane heng framme året rundt, men eg har plan om å fikse eit litt finare oppheng enn slik det er nå. Ting tar berre innimellom ubeskriveleg lang tid. Syns ein slik pinne som I fra Lahell har brukt er ultrafint for eksempel :)


Ellers er me nett komne inn etter ein lang spasertur i skikkeleg surt vèr. Barnevogna vart gløymt i barnehagen på fredag, så me var rett og slett imponert over kor lange avstandar Simon klarar gå nå. Hi hi, litt travelt også, for han forsøkte opne både postkassar og parkerte bilar som me passerte :)



 Nå gjenstår kveldsstellet før roen senkar seg i heimen. Ah, skal bli godt det også kjenner eg :)


Ha ein fin kveld og ei flott kommande veke.

lørdag, januar 15, 2011

Opp med farten


I dag vil eg tipse dåko om oppskrifta på verdas desidert skjønnaste eggvarmarar. Skal du ha ei ladning klar til påske, så er det på tide å starte nå. Oppskrifta selgjast av Julie Williams som lagar dei skjønnaste kreasjonar med strikkepinnane sine. Stikk innom den nydelege bloggen og bli inspirert :)   Mønsteret til eggvarmarane kjøper du her.

Begge bildene i innlegget er tatt frå Etsy-butikken til Little Cotton Rabbit. 

Tudelu så lenge :)

fredag, januar 14, 2011

Fredagsfunn


Aj aj aj, kor godt det er å ha ei heilt ubrukt helg framfor oss. Ekstra herleg å komme heim frå jobben i dag, sidan eg tok helgevasken i går kveld - slik at eg verkeleg skulle få fri i dag :) Altså, eg vasker ikkje til kvar helg for å ha det sagt. Som oftast vaskar eg der det trengs når det trengs, om det er søndag eller onsdag, men nå kan eg unne meg ein pause med golvkluten. Ein pause som varar til i morgon eller noko slikt, ha ha.


Det er lenge sidan eg har hatt meg ein sonderingsrunde på Fretex (Mariero), så i ettermiddag svinga eg innom. Og sjekk kva eg fann, juhu. Ein LUXO-lampe akkurat som eg har drøymt om til den nette sum av 49 kroner. At den passar fantastisk bra til den raude kontorstolen er jo ekstra kjekt.

 

Dei hadde faktisk ein til LUXO lampe der. Nemleg ein nydeleg grønn ein til 79 kr. Men den hadde desverre fått eit merke etter eit klistermerke i skjermen, pluss at bordfestet mangla, så den lot eg ligge igjen...


 Du kan lese meir om LUXO-lampar her.


Nå søv tre små fear, det er fyr i omnen, strikketøy og Pedro Almodovarfilm skal nytast i sofakroken saman med Herr Fe. Elles har me ingen store planar for helga. Så vidt eg har fått med meg er det meldt drittvèr ute, og me kjem nok knapt til å bevege oss utanfor porten kjenner eg oss sjølve rett :) Har du spenstige planar for helga ? Kos deg uansett :) Klem herifrå

onsdag, januar 12, 2011

Blomstrande lukke


Kvar einaste vinter kjøper eg nye blomstrar i potter og kar. Det er liksom blitt tradisjon med narcisser (fylte pinseliljer) i prestekragepottene frå Västergården og karpatklokker (Campanula) i dei tre små pottene. Nå står dei så søte i vinduskarmen og skapar vinter/vårstemning. 
LOVELY :)




Veka er allerie halvveis overstått, og det nærmar seg helg igjen. Eg har desverre ikkje tid til ei meir innhaldsrik oppdatering enn dette vesle livsteiknet her. Nå må eg nemleg køye slik at eg ikkje sovner ved mikroskopet på jobben i morgon, he he. Håpar å vere tilbake med eit litt meir spennnade innlegg om kort tid - har mange planar serru ;)

Ha det bra så lenge, klem klem :)

tirsdag, januar 11, 2011

KnappeLOVE


Eg elskar knappar. Har alltid gjort det. Enkelte er så fine at dei truleg aldri vert tekne i bruk. Som den store porselensknappen frå Snella og Petronella.
Før brukte me mormors knappesamling som penger då me leika butikk. 
I dag har eg farmors fine knappesamling, og innimellom tar eg den fram for å sortere ut favorittane mine.


Tenk kor flinke dei var til å ta vare på ting før i tida. Knappar vert sjeldan utslitt. Så når eit plagg var modent for utskifting, så klipte dei først av knappane før dei kvitta seg med plagget. Eg likar tanken. Berre at i dagens samfunn er vel ikkje dei fleste plagg direkte utslitt. Tvilar på at Fretex vert glad over å motta plagg der alle knappar er fjerna ;)


Nå har eg knappane framme igjen for å finne passandes knappar til nokre minismå dukkeplagg eg strikkar. Alma fekk nemleg supersøte dukkeklede til jul, og eg vart skikkeleg inspirert til å utvide samlinga hennar ytterlegare. De skal få sjå det ho fekk seinare :)
Knappane og andre små hobbysaker oppbevarar eg i gamle Bjellands Juleskrin boksar. Fiiine dei også :)


Ha ein fin tirsdag!

mandag, januar 10, 2011

Knallkjekt og inspirerandes blad


Eg mååå rett og slett vie ein heil bloggpost på Elle Interiør i dag. Siste utgåva dumpa ned i postkasse forrige veke, og eg har lese det frå perm til perm. Utruleg masse kjekt og inspirerandes, så kjekt at eg vurderer sterkt å betale den vedlagte rekninga og fortsetje abonnementet, trass i at eg til stadighet tenker eg skal kutte ned på bladutgifter.


Sjekk for eksempel dei strikka teppene over senga på omslagsbildet. Dødsfine. Seng på pallebotnar er knalltøft det også, men eg klarar aldri sjå slikt utan å tenke på at det må vere umogleg å gjere reint under slike senger, he he. Vel det var berre ein digresjon, for det eg egentleg skal fokusere på er at inni bladet er det Elle Interiør kallar for Snapshots hos bloggerne. Knallkjekke bloggarar vil eg kalle dei. Her er det nemleg heimebesøk hjå nydelege Kjersti i Kjerstis lykke:


Heime hjå  min mangeårige interiørguru Alexandra Villefrance, med bloggen Alexandra - Gode ting og følelser:


Samt eit knallinspirerandes heimebesøk hjå finfine Moa og Kaffekoppen:


 Fantastiske kjekt å lese og ikkje minst å sjå bildene, så eg anbefalar dåko alle å kjøpe dette bladet samt å besøke dei respektive bloggane.


Då er det tilbake til travle kvardagar igjen. Dagane fyk, så plutseleg er me tilbake til helg og sløvings igjen. Får prøve å nyte kvardagane også. Gje dei rundt deg ein klem, drikk ein kopp med noko du likar medan du sleng beina høgt opp og trekker pusten djupt inn. Mmmm :)

Ynskjer deg ein tipptopp mandag!

søndag, januar 09, 2011

Vår i vente - oppdatert


Hi hi, så snart 1. nyttårsdag er omme er eg klar for vår. Så snart julepynten er pakka bort, så er eg klar for ommøblering og fornying. Som ein frisk pust.  Tippar me fleste i blogglandia er slik, eller?


Frk. Amaryllis blomstrar for andre gong, og eg har flytta litt rundt på ting og tang. Eg har kjøpt inn vårblomstrar og rydda og vaska. Alt er veldig grått og fargelaust sånn interiørmessig for tida, men heldigvis ikkje sånn humørmessig hi hi. Eg skal sy nokre freshe nye puter snart, så kjem nok fargebombene fram litt etter litt mot våren. Hekta på oransje for tida...seier ikkje meir ;)

Det er ikkje mykje som verkar som verken vinter eller vår reint vèrmessig. Ute regnar og bles det, som om det skulle vere november. Inne er det mørkt og bileta vert kornete. Søndagen er godt i gong. Pannekaker til frukost. Huset som var ryddig i går kveld er allereie bomba. Her spelast det LUDO, byggjast hytte, og leikast med klossar all-over- the-place, he he. "Skal me rota alt utover Simon, skal me det?" høyrer eg borti sofakroken, he he. Eg og dei to eldste skal ein tur i svømmehallen, så det er nok best å finne fram armringar og badebukser. Kryssar fingrane for at badedrakten passar etter ei feit førjulstid :) Huttemegtu.

Ha ein kjekk søndag der du er :)

Oppdatering søndag kveld: 
Tusen takk for alle knallkjekke kommentarar og fine ord. Det er mykje eg ville ha fiksa på om me hadde vore millionærar. Eller forresten - då hadde me nok solgt og flytta til ein einebustad gitt :) I stadan for å gå inn og svare på kvar enkelt spørsmål, har eg lagt ved litt informasjon på bildet under. Som de ser er mesteparten frå mitt elskede IKEA, kva skulle eg gjort utan svenskane gitt :) Sånn avslutningsvis kan eg informere om at badedrakten satt som eit pølseskinn, men heldigvis kunne eg skjule meg i bassenget mestepartem av tida, ha ha.

Ha ei flott veke!

lørdag, januar 08, 2011

I lokalavisa :)



Eg er utruleg glad i lokalavisa vår - ja, lokalavisa frå der eg kjem ifrå - nemleg Kvinnheringen. Eg vart derfor veldig glad då dei ringte meg for eit telefonintervju ein dag. Dei hadde nemleg fått med seg at eg vann Dagbladets og Kulørs kåring. Ja, den andre lokalavisa i kommunen - Grenda- har også hatt ein reportasje. Den har eg imidlertid ikkje sett enno, så eg skal sjå om eg ikkje får henta den inn til bloggen også, hi hi.



Det florerer vel ikkje akkurat av bilete av meg sjølv på bloggen, så journalisten har leita lenge i arkivet før ho fann dette gamle 17.mai-bilete av meg og dei to eldste. Koseleg å sjå igjen. Og i grunnen rørandes å minnast kor små dei eldste var her, for det følest jo som om det var i forgårs.. Den vesle skjønne jenta i det midterste bilete er jenta til Bodil BO. Gu' kor åra fyk.




Eg veit ikkje om de klarar lese teksten som eg saksa frå avisa, men eg har iallefall gjort eit forsøk.

Ha ein super laurdag :)
Related Posts with Thumbnails