mandag, november 29, 2010

Grått

 Når eg har lasta opp desse bildene syns eg plutseleg det ser så grått og trist ut her, hehe. Det må vere mangelen på dagslys, for stemningen er god og det vart veldig lunt i stova med nye gråe sofatrekk. Eg måtte jage Herr Fe, spanskbøkene og gitaren hans bort frå sofaen for å knipse bildet - stakkars mann ;) Nå angrar eg nesten, hadde i grunnen vore meir fargerikt om han berre fekk ligge.

Då Ikea kjørte halv pris på alle Ektorptrekk var er rask ute på labben og sikra meg to sett med grå trekk. Knallbra kvalitet i forhold til dei kvite, og MYYYYYYYKJE meir barnevenlege. Trekka må eigentleg rensast, men eg gjer som Emmeline, og satsar på å vaske dei på finvask. Den tid den sorg.

Adventstjerna i dette vinduet er frå Starligthz, og eg elskar den. Den var den første papirstjerna som kom på marknaden etter den store metallstjerne-i-gull-trenden. Hugsar de dei stjernene? Ser ikkje mange slike nå lengre - syns alle har papirstjerner nå. Mi metallstjerne har ikkje kome opp føreløpig, men me skal prøve å få til å henge den opp i leikehytta :) Måtte oppdatere innlegget her, for eg såg nå at det kunne oppfattast som om eg omtrent gjorde narr av gullstjernene, og det var jo absolutt ikkje meininga.

Avslutningsvis tenkte eg å dele eit tips til dåko som eg plukka opp i pepperkakebyen i Bergen... Det er garantert mange andre som gjer det på denne måten, men kanskje nokon av lesarane mine ikkje har tenkt på dette og blir glad for idèen. Eg har putta ei lyslenke inni metallhusa frå Walters & Co. Slik er husa mykje meir barnevennlege, meir brannsikre, det vert mindre stearinsot i huset og det er alltid lys i husa når lysbrytaren er slådd på. Eg har også lyslenke inni pepperkakehusa eg pleier bake.

Jepp. Dett var dett. Mandagen er over, omgangssjuka er overstått (urk) og eg er klar for å gå ei frisk tid i møte :)
Tudelu :)

Frk. Amaryllis 2010

Frk. Amaryllis konkurransen har blitt ein tradisjon her i bloggen, og nå er det tid for å sparke i gong årets særdeles uhøgtidlege konkurranse. 
Vinnaren får ein koseleg adventspresang tilsendt i posten. 
Til deg. Frå meg. 
Sleng deg på, dette skal bli kjekt.




Ok, her er reglane:
* Frk. Amaryllis skal vekse seg stor og sterk og fager fram mot jul.
* Klarer du å tippe kor lang ho vert (antall cm frå stilken startar og opp til der blomsten spring ut)?
* Det gjer ingenting om nokon har tippa samme antall centimeter som deg tidlegare i kommentarfeltet
*Har nokon tippa samme antall cm, så vert det trekning mellom dei som hadde riktig
*Blogglause kan også delta, men signer helst med fornavn og minst første bokstav i etternamn.
*For ordens skuld; tipp berre ein gong
*Startskuddet for konkurransen går nå. Pang!
*Stoppstreken vert satt den dagen Frk. Amaryllis spring ut i full blomst.



Dagens mål er: 12,7 cm


Fjorårets vinnar kan du lese om her.

Ha ein fin mandag!

søndag, november 28, 2010

Lollipop Lollipop


Forrige veke fylte vår kjære eldstegut, Samson, åtte år.  I dag var det klart for feiring og det har nesten blitt ein slags tradisjon at eg viser fram bursdagskaka her inne. Denne gongen var både jentene og gutane i klassen invitert, og eg lagde derfor ein litt meir feminin variant av bursdagskake enn tidlegare (f eks. borg, sjørøvarskip og tanks)...


Idèen til muffinsane fekk eg på heimesida til Martha Stewart for mange år sidan, og det er andre gong eg lagar slike. Det skal liksom forestille små blomsterpotter, men klassekompisane til Samson lurte på om det var små englar :) Stor suksess gjorde dei iallefall.

Oppdatering:
Slikkepinnane og kakestrøsselet kjøpte eg på Dropsen på Kvadrat.
Bladene er marsipan farga med grønn konditorfarge. Hadde eg hatt tid hadde eg kanskje heller klipt ut grønne blader i papir og surra fast litt streng til å feste dei med.


Toppingen (fekk oppskrift frå ei venninne) var knallgod og sjølvsagt får du oppskrifta her:

3 store ss kveitemjøl
3.5 dl mjølk
Kokast opp under omrøring, og avkjølast til romtemperatur.

250 gr meierismør
3-400 gr melis
2 ts vaniljesukker

Pisk romtemperert smør kvitt og tilsett melis og vaniljesukker og mjølkegrauten. Pisk alt i underkant av 5 minutt til kremen er luftig og lett. 

Lukka til!

Frk Amaryllis-konkurransen er utsatt til i morgon ;)

Ha ein finfin søndagskveld!

Dobbel glede


Sjå kven som dukka opp i ein av eskene med julepynt. He he, trudde eg nesten skulle få hjarteinfarkt. Ugla kjøpte eg til meg sjølv i julegåve frå nissen i fjor.  Ja, i fjor. Ugla må på ein eller annan måte ha havna oppi ei julepynteske i forkavelsen og gått aldelesen i gløymeboka.


Så i stadan for å stå til allmenn skue i stova, har den altså tilbragt sitt første leveår i feens heim innpakka i silkepapir i ein kald og mørk kjellar. Huttemegtu, dette grensar til ugleplageri spør du meg... Ugla er designa av svenske BG Design og er laga av mjuk silikon. Eg kjøpte den  hjå Rom for mer inni byen.

(PS! Kan ikkje fyre i levande lys medan søte små med nysgjerrige fingrar er vakne...)



Den er egentleg ei sparebøsse, og bakhovudet har derfor myntespalte. Når ein har spart nok, er det berre å dra av hovudet og stikke handa ned i pengebingen :) Men som de skjønar er det ekko i denne sparebøssa. Blir ikkje mykje spart når alle har gløymt at dei har ei sparebøsse som bør brukast ;) Men nå skal det bli andre boller gitt, hi hi.


I dag har me hatt ein skikkeleg god koseleg dag. Ei super venninne med sine enno suprare småjenter har vore på pepperkakebakstelag hjå oss i dag. Skravla gjekk i eitt på både oss vaksne og dei små. Så herleg.




Eg har tjuvstarta litt på adventspyntinga i år. Adventstjerna i dette vinduet er maken til den farmor hadde, hugsar eg. Eg fann mi på QXL for nokre år sidan og syns den er rålekker :)


Dette vart eit innlegg med litt om alt i sedvanleg stil, he he. I morgon sparkar eg i gong Frk. Amaryllis førjulskonkurranse, så stikk innom for å tippe kor høgreist ho vert i år ;)

God natt ;)

onsdag, november 24, 2010

Gjengangar


Eg har tidlegare fortalt at eg har fullstendig lagt min elsk på putene frå Wendt Design. Og nå er eg jammen nyforelska igjen. Via via via kom eg over bloggen til innehavaren av butikken Jolander i København og sjekk utvalget av Wendtputer i utstillingsvinduet. Butikken står oppført på mi må-innom-på-neste-København-tur-liste. Når nå enn det måtte bli...

Foto: Jolander
Det går i eithundreogti om dagen, og det er så vidt eg heng med i svingane. Beklagar derfor at det er så som så med oppdatering her inne. Men eg kjem sterkare tilbake om litt :)

Ha ei fortsatt god veke!

søndag, november 21, 2010

Og vinnaren er...


Også denne gongen benytta eg meg av min gode venn Random.org då eg skulle trekke ein vinnar av julekalendertrekninga. 
Av 171 kommentarar var det kommentar nr 28 som kom sigrande ut. Kommentar nummer 28 er skriven av Ingrid, som sa: 
Hei. Dette var ein flott kalender, både innhald og annleis utsjånad, ikkje lett å finne gode nynorksprodukter for oss som gjerne vil dei små skal lese litt nynorsk og.
Kjekt å følgje bloggen din:)


Gratulerer så masse til Ingrid. Send meg ein e-post med adressa di, så vidareformidlar eg denne til Ivar Aasen-tunet :)


Ha ein fortsatt fin søndagskveld...

Fargeskifte i stova


Inspirert av dette bildet frå danske Boligmagasinet (min og andres mangeårige desiderte favortitt i bladmarknaden):


...har eg nå starta på eit aldri så lite bildeutskiftningsprosjekt i stova. PS! Eg ønskjer meg forferdeleg bilder av biller og sommarfuglar frå Hagedornhagen som på bildet over....sukk.

I samband med at jula nærmar seg har eg også skifta ut dei retrofargerike tekstilane og tilbake til dei svart kvite eg hadde for nokre år sidan. Eg har også kjøpt grå trekk til Ektorpane på halv pris salget til IKEA. JIPPI! Sofatrekka kjem ikkje på før neste helg, for eg må sørge for at dei relativt nyvaska kvite trekka vert skikkeleg skitne først ;)



Alle tinga hadde eg frå før, og det gjer jo utskiftningsjobben berre ekstra kjekk.  &-symbolet fekk eg hjå Bodil-Bo for eit par år sidan, Keep Calm-plakaten kom fram frå gøymselen i kjellaren, og dei kvite rammene har lege lenge og venta på innhald. Innhaldet glimrar framleis med sitt fråvære, men kanskje det er håp nå når rammene trass alt heng på veggen og minnar meg om det dagleg.  Det vesle Poul Pava kortet som er i svart ramme er frå Ting. Putetrekka er gamle, men eg trur desse framleis er å få tak i på IKEA.


For først gong i historien kjøpte eg nellikar som helgesblomstrar. Etter ei veninne sa at ho asossierte nellikar med begravelse, har eg aldri vorte fortruleg med å ha dei på bordet. Det er jo sant som ho sa. Men denne typen nellik er ikkje av den frynsete typen, liknar meir gamle prestagardsroser, så eg tok sjansen ;)

Ha ein god søndag :)

lørdag, november 20, 2010

Nokre nydelege tips

Foto: frå Nice Package
Det nærmar seg tid for juleverkstad og julegåveinnpakking. Eg har i den samanheng funne fram nokre lenker til fantastisk inspirerandes sider. Bildet over og under er frå bloggen NICE PACKAGE som har utruleg mange fine innpakkingstips og dekoreringstips generelt. Bloggen er laga av to guruar innan bloggverda, nemleg ho som skriv Creature Comforts og ho som skriv Heart Handmade (nå nedlagt, men de finn lenker til nye bloggen hennar).

Foto: frå Nice Package
Det er også tid for å lage små julegåver.

Foto: screenshot frå LMNOP
Via det herlege online magasine LMNOP kom eg over dei skjønnaste babytøflene på jord. Dei kan bestillast på Pretty Little sin ETSY-butikk. Du og du kor skjønne.
Foto: frå Pretty Little

Ein kan jo også ta utgangspunkt i Guro sine fantastiske ballerinatøfler, og dekorere dei som ei kanin?  Eller rett og slett behalde dei som dei er. Babuskatøflene er jo superduperskjønne som dei er.

Foto: frå Guro sin gamle blogg. 

Sånn, då har eg delt ut litt inspirasjon :) 
Nå må eg rydde opp i kaoset som har oppstått rundt meg medan eg surfa litt rundt ;)
Ha ein flott lørdag!

torsdag, november 18, 2010

Ein til meg og ein til deg?


Ivar Aasen-tunet har i år laga eit nytt
produkt som dei er veldig stolte av:
Ein adventskalender med 24 små songbøker,
med nynorske advents-, jule- og vintersongar.
Ein ny song for kvar dag i desember.





Som nynorskbloggar har eg fått tilbod om å dela
ut ein slik kalender til ein av mine lesarar.
Samtidig har eg sjølv fått ein lik kalender til odel og eige. Til glede for meg og dei små sangfuglane våre. Superkjekt.

:-)


Skriv inn ein kommentar på dette innlegget så er du med i trekninga. Eg trekker ein vinnar på søndag kveld.
Lukka til :) 

Nettbutikken der du finn meir info og pris og sånt finn du her.
Bileta i dagens innlegg er tekne av mi kjære venninne Bodil-BO. Dersom du av ein eller anna merkverdig grunn ikkje har vore innom hennar blogg, MÅ du stikke innom der. Ho er dødsflink :)



God natt herifrå :)

Eit nydeleg tips


For nokre dagar sidan kom eg over det nydelege Online-Julemagasinet til Hviit og Konfettiform, nemleg
Herlighet kor nydeleg og stemningsfullt. Kjenner inspirasjonen boble omtrent over. Anbefalar alle å stikke innom både bloggane til designarane bak magasinet, i tillegg til sjølvsagt å lese magasinet deira.
NYDELEG og INSPIRERANDE.


Eg har printa ut desse te-etikettlappane, og tenkte å gje ein superskjønn tedrikkande ven slike teposar som ein del av ei førjulsgåve.
Då trur eg nemleg han vert KJEMPEGLAD.


Ha ein fin torsdag kor du nå enn er :)

tirsdag, november 16, 2010

Leikehus i svevet

Foto: våre superkjekke naboar.
I dag vart leikehuset flytta frå bakhagen til framhagen. Gjett om eg fekk magasug då eg mottok dette bildet på mobilen medan eg var på jobb. Aj aj aj.  Einaste skåret i gleda nå er at den vart plassert feil i hagen. Det skal ikkje vere lett, he he. Men alt vert nok bra til slutt. Det er eg sikker på.

Nå er det strikking og avslapning for tur. Ha ein flott tirsdagskveld!

PS! Slik ser hagen vår ut nå...



mandag, november 15, 2010

Godt med alt som er gjort


Eg gjentar meg sjølv veldig når eg seier at det er så tilfredsstillande å få laga noko som ein lenge har tenkt at eg skulle ha gjort. Som for eksempel gåvelappar til julegavene. Dei kan jo lagast allereie nå, så slepp ein stresse med det når alt anna er så hektisk sånn like oppunder jul. Så gjeld det berre å hugse kor ein legg navnelappane slik at ein finn dei når ein skal bruke dei.  At ikkje dei vert plassert ein stad som er så lur at ein ikkje finn dei igjen, he he.


Eg draumer om ein rein og ryddig heim der alt er på stell. Der ein kan dekke bordet utan at ein først har rydda ein halvtime. Der sko står sirleg plassert på plassen sin, der alle skapdører er lukka igjen og der ingenting heng og sleng. Men det går ikkje an i praksis har eg kome fram til, og meir eller mindre gjeve opp. Slik såg spisebordet vårt ut i ettermiddag. Kaotisk.  

Det frydar meg å sjå at veslemor elskar Playmobil like mykje som eg gjorde. Desse figurane leika eg med som liten, og det er utruleg artig å sjå det i bruk igjen :)

Tusen takk for overveldande respons på gårsdagens innlegg. Det er ikkje vanskeleg i det heile tatt, berre klipp tynt nok hol i plastposen så kan du lage så snirklete figurar som berre det. Lukka til :)

Ha ei god natt og ein fin tirsdag!

søndag, november 14, 2010

Hjerter på boks


Me tjuvstarta julebaksten i helga. VELDIG tidleg ute, men pepperkakebaking er så kjekt for ungane at det er ingen vits å vente.


Pepperkakedeig har eg laga ein gong for mange. Aldri meir. Ingen vits å stresse med slikt når kjøpedeigen er så god. Denne gongen vart det Ikea sin. Hurra for eit enkelt liv ;)


 Alle kjevlene og alle kakeformene vart testa ut, og praten gjekk ivrig rundt bordet. To boksar med deig vart omforma til velduftande pepperkaker i løpet av kort tid.  
Mmmmm, det lukta jul i huset.

 


I dag har me pynta kakene. Etter at eg kjøpte boka KNAS - som forøvrig er ei super pepperkakebok- har eg utelukkande laga melisglasuren etter oppskrifta inni den. Den gjev supert resultat uansett.


Eg heiv meg på kakebaksten eg også, og laga to store hjerter som me skal henge i vinduet etterkvart. Hjertene vart dekorert med typiske droddling-snirkel-figurar og litt prikkar hist og her.


Når glasuren er tørr på denne sida, skal eg dekorere den på andre sida også. Det geniale med glasuren er at restane er holdbare i dagesvis i kjøleskapet. 


Det vert garantert fleire pepperkakebaksteøkter til før jul. Ungane har nemleg knaska pepperkaker seint og tidleg og det minkar allereie i boksane deira, he he.

Håpar alle har hatt ein fin søndag.
God klem herifrå!

lørdag, november 13, 2010

Eit sørgjeleg syn


I sommar brukte me masse tid og pengar på å fikse bakhagen. Me leigde ein snekkar til å byggje ein stor platting/terasse og ei herleg trapp ned frå altandøra. Me bygde leikehus til småttisane, og me dyrka i plantekassar. Hagen var så langt i frå perfekt som den kunne komme, men den var koseleg. Mykje gjenstod før alt var slik me ville ha det, men likevel... All innsats til inga nytte. 


I dag ser hagen heilt tragisk ut. Me fjernar alt me kan ta vare på, slik at gravemaskinane og lastebilane kan ta seg til rette. Ei einsleg lita rødstrupe som har budd i hagen vår kvar vinter, ser like trist ut som meg.

 Eg fekk aldri tatt skikkelege bilder av plattingen og trappa, de kan berre så vidt skimte litt av den på bildet over. Nå ser det nemleg slik ut utfor altandøra:


Slangen som går inn gjennom ventilen er vår midlertidige vanntilførsel frå ein nabo sin utekrane. Alle hellene og lecablokkene støtta opp under plattingen. Gravemaskinane nærmar seg faretruande, og det gjer rekninga for gildet også. Siste ord er ikkje sagt i saken, men det ser ut til at alt må dekkast av oss sju partar som er beramma av lekkasjen. Og prislappen er anslått til å nærme seg millionen...Fortvilandes og frustrerandes.

Me kan velgje kva dekke me vil ha her bak etter at røyrutskiftinga er ferdig. Tidlegare har me måtta bære plenklypparen gjennom huset for kvar gong me skal slå graset her bak. Me vurderer derfor nå  å legge singel. Og plante i store krukker og kar. I tillegg til at plattingen og den fine trappa kjem opp igjen. Leikehytta skal gravemaskinføraren prøve flytte til hagen på framsida. Kanskje stikk eg heim frå jobb og knipsar bilder når den er i svevet ein dag ;)

Dei fleste er vel ferdige med å tenke hage for dette året, men har du gode forslag/synspunkt vert eg hoppandes glad :)

Ha ei fortsatt fin helg!
Related Posts with Thumbnails