onsdag, desember 30, 2009

Feens interiørår januar-juni 2009


Hei, og vel overstått julefeiring. Eg tok meg ein herleg bloggeferie i romjula, og tykkjer det er godt å vere tilbake i god gammaldags modus ;)

Eg syns det er knakande kjekt å sjå årskavalkade hjå andre bloggarar, og kjem her med eit milavis langt innlegg sjølv. Faktisk så langt at eg må dele det i to. Siste halvdel av året kjem i eit innlegg i morgon.

Ok, here we go :)


I Januar var det ganske stillstand på interiørfronten. Eg var mest oppteken av å ligge på sofaen og kose med ungane etter jobb. Eg pleier stort sett aldri ligge på sofaen, men som gravid i 3-4 månad og i konstant uggen form hadde eg ikkje noko val.Men den som ventar på noko godt....


I februar kom snekkarane på plass. Forutan å skifte bordkledning, alle vindu og ytterdørar i huset, opna dei også opp veggen mellom kjøkken og stove.

Resultatet vart veldig bra, åpent og luftig. Til orientering: dei umalte gulvlistene på bildet under er nå kvitmalte.



I mars gjekk eg til innkjøp av to ting eg hadde sikla på og spart til lenge. Nemleg takpendelen Caravaggio og søppelspannet Vipp. Samtidig diskuterte eg høglydt med meg sjølv i bloggen om kva for eit spisebord me skulle gå til innkjøp av.



Og før eg landa på kva for eit spisebord,  bytta eg like godt ut den gamle sjenken brukt som TV-benk med ein meir enkel variant frå Ikea (Bestå). Herleg.


Til påske dekorerte me egga med fargerike babuskaer og vart meir og meir i redebyggermodus.

Andre handlar og strikkar babytøy når dei er i redebyggermodus. Eg malar og pussar opp, he he. I april vart benkeplatene eg først malte svarte, kvitmalte over natta.

Har ikkje angra eit sekund på det.

Billyane fekk ein ny vegg å fylle, i påvente av nytt spisebord og ny baby.

Og babyen kom først. 18. juni kom vår elskede vesle Simon til verdas. Verdas skjønnaste og blidaste Simon.

2009 har vore eit flott og begivenhetsrikt interiørår, og i morgon kjem eg med andre halvdel av kavalkaden min :)

God natt klem frå Linda

fredag, desember 25, 2009

1. juledag

Ein utruleg avslappande og kjekk dag er straks overstått. Me er (som dei fleste andre håpar eg) velsigna med eit nydeleg postkort-julestemning-snøkvitt-landskap for tida.
Me et snø, me akar og me kjører rasande fort på spark. Sparkeføre har ein ikkje ofte, og ungane hylte av fryd over å sitje på med dette, for dei nye, framkomstmiddelet.
Me mister tenner og me et ispiggar.
Me leikar til og med at me er skikkeleg skumle typar som har skarpe issverd som våpen.
Og me leikar oss inne i varmen i bestemor sitt hus.

Ha ei fortsatt fin jul. Måtte dagane vere lange og vare lenge :)

Stor klem frå Linda

torsdag, desember 24, 2009

God jul ♥

 
I dag er den store dagen komen.
Det einaste som gjenstår er å ynskje dåko alle ei herleg, fredfull God Jul



Stor klem frå heile familien Den gode Fe

tirsdag, desember 22, 2009

Ei helsing i siste liten


Eg har laga opp ei heil ladning med havredrømmer som eg skal gje i julehelsingar nå like før jula ringast inn. Utruleg enkelt å lage og utruleg god smak. Oppskrifta kjem her, om du har lyst å lage slike du også:

Havredrømmer, dobbel porsjon:
500 gr kransekakedeig (marsipan kan også brukast med hell)
300 gr romtemperert smør
5-6 ss bakekakao
6 dl havregryn
1-2 dl kokos til å trille kulene i
Eg knar det heile saman til det er godt blanda. Former kuler med teskeier og triller kulene i kokos. Eg pleier legge kulene kaldt på eit stort fat. Når dei er nedkjølte legg eg dei i fine glass som eg pyntar med band og fin etikett og vips er ei koseleg helsing klar.

Ha ein herleg kveld før dagen før den store dagen :)

mandag, desember 21, 2009

Frk. Amaryllis sprang ut til jul


I akkurat passe tid til jul, sprang Frk. Amaryllis ut i går :)
Av 125 deltakarar i konkurransen var det berre ei som tippa riktig, og det var blogglause Guri B. Guri B tippa at Frk. Amaryllis vart 35,9 cm, og ho var berre ein millimeter frå sanninga. Målet på den høgreiste dronninga over juleblomstrar vart nemleg 35,8 cm i det blomstringa starta.

Dersom Guri B sender meg ein mail med adresse og info, så får du ei gåve av meg i romjula :) Gratulerer så masse!

Me bloggast, klem frå Linda

søndag, desember 20, 2009

Islykter skapar stemning


Det passa såååå fint at snøen kom i går. Dagen før hadde me nemleg plassert ut bøtter og kar med vatn i - for å lage islykter. Islyktene er jo ekstra fine når dei får stå i snøen, så dette var berre heilt perfekt timing.

Tidlegare har eg laga islykter i alt i frå vasar, kakeformer og potter. Denne gongen brukte me ei stor bøtte og ei stor blomsterpotte. Fylte litt vatn oppi, og plasserte litt smalare potter oppi der igjen. Stod ute natta over, og i går var det berre i kveike i lysa. Gratis pynt er ikkje å forakte i desse dagar då ein nesten gruar seg for å sjekke saldoen ;)


Ha ein finfin dag.

Klemmar til dåko alle.

lørdag, desember 19, 2009

Jul på trappene


Med snøen kom julestemninga for fullt.

Når naboane er ute og måker snøen vekk, hentar eg fram den gamle kjelken og dei gamle skøytene. Naboane rista sikkert lett på hovudet når eg i tillegg drog fram kameraet, he he :)

Nå er det jul. Eg er ferdig med alt bortsett frå kosen :)

Ha ein god laurdagskveld!

klem frå Linda

torsdag, desember 17, 2009

Nummerert garderobe



Kvitmalte kleshengarar frå Åhlens. Svarte tall-klistremerker frå bokhandelen.
1-2-3-4-5...
Vips litt tøffare kleshengarar i gangen.


Eit særdeles kort innlegg i kveld :)
Særdeles lite juleaktig.
Pytt, pytt er Almas nye favorittuttrykk.
Eg kopierer henne og seier Pytt Pytt ;)

Ha ein finfin torsdagskveld.
Klemmar frå Linda!


PS! Tusen takk for rørandes fine og kjekke kommentarar - de er dei BESTE!

onsdag, desember 16, 2009

1-2-3...Nå fanger jeg deg!


Juleferie og påskeferie er høgsesong for speling hjå oss, og kanskje hjå deg også. Det kjem kanskje ikkje som ei bombe at eg, i tillegg til mykje anna, også samlar på gamle spel.

For 25 kr vart dette spelet mitt i dag. Sjølvsagt kjøpt på Fretex, som alle dei andre gamle spela våre. Spela er ikkje til pynt, men i bruk ofte. Eg anar ikkje når spelet er i frå, men prisen vitnar iallefall om at det er leeeeenge sidan.

Eg har aldri sett eit slikt spel før, aldri høyrt om Spika, og aldri før sett liknande brikkar. Har du sett dette spelet før?

Dette Tivolispelet er 7-åringens favoritt. Ein skyt ut klinkekuler og får antal poeng definert av der kula landar.

7-åringen syns det er hysterisk løye når eg berre får 10 eller 15 poeng, medan han som oftast er meir treffsikker og får 100 og 75 poeng.

Når han var mindre var dette fiskedam spelet ein stor favoritt. Spelet er tysk, men det gjer ingenting. Fiskane er representative for norske fiskar også ;)

Eg må visst komme tilbake med gavetips i morgon. I dag strakk ikkje tida til. I kveld skal eg ut på byen med to gode venninner. Håpar berre sylta forkjøla ungar søv godt, slik at eg får kose meg litt utandørs for ein gongs skuld :)

Ha ein fin kveld :)

tirsdag, desember 15, 2009

Freden har senka seg


Ja, så fort kan det snu. I går kjente eg meg skikkeleg stressa. Julestemninga har glimra med sitt fråvere, og derfor har eg heller ikkje fiksa verken julekort eller julegåver. Då det plutseleg gjekk opp for meg at eg helst bør ha det meste i boks på fire dagar, kjendte eg pulsen auke. Men den auka ikkje meir enn at eg sat meg godt tilrette i sofaen og glodde på TV altså :)

I dag har eg og mikrofeen hanka i havn alle julegåvene, Visa-kortet glødar og straks skal julekort bestillast... Herleg.

Eg fekk ein kommentar på forrige innlegg, der Anonym seier: Skjønner ikke hva dere stresser med. Må dere bake alle disse kakene da?
Kjære anonym, tusen takk for kommentar. Her stressar eg ikkje med kakebakst. Det var berre tanken på at eg hadde mykje å handle inn som stressa meg. Eg er ikkje verdas gladaste i å gå på handel (!). Særleg ikkje nå som det er kø og kaos over alt.

Kakebaksten me gjennomfører her i huset gjerast utelukkande fordi ungane elskar å bake. Det er ikkje stress, men utruleg koseleg. Pepperkakehuset de ser på dei første bildene er det eldstemann på 7 som stolt har laga. Ja, det er forresten han som har laga dei små nissane, og juletrea med stjerneglitter på også. Flinke guten min :)

Nå som julegavene er kjøpt inn, skal eg kose meg resten av dagane med innpakking, dilling og dalling. Nedvask av hus og slikt kavar eg ikkje med før jul.

Julegåvene eg kjøpte til meg sjølv er komne i hus, og gjett om eg er fornøyd. Eg deler eit knippe bilder med dåko:


Det har sine fordeler å gje gåver til seg sjølv - ein får akkurat det ein ynskjer seg, he he.


Eg er klar over at bileta ikkje er av verdas beste kvalitet, men dette var det beste eg klarte få til i grålysninga med Simon på armen.


Og for dei som måtte lure på korleis det går med frk. Amaryllis, kan eg fortelje at ho nå har stagnert litt i veksehastigheten, og har sprunge ut i knopp :) Bilder kjem ein av dei første dagane. Konkurransen vert ikkje avslutta før ho er i blomst.

Adventspepperkakehusgåvene til dei ansatte i barnehagen vart kjempegodt mottatt, og lærarane på skulen vart kjempeglade for sine kjøpegåver også. Det var nokon som spurte etter tips til kva ein kan kjøpe til lærarar og barnehagetilsette, og det trur eg eg på svare på i eit eige innlegg. Kanskje allereie i morgon :)

Ha ein fin kveld og ei god natt. God klem frå Linda

mandag, desember 14, 2009

Ei stakkars veke igjen


Er det fleire enn meg som byrjar bli litt stressa nå? Eg har tusen ting eg må og vil ha ferdig. Aller helst vil eg vere ferdig med det meste innan fredag ettermiddag og avspark av skuleferien. Eg veit det er litt meir enn ei veke igjen altså, men det hadde jo vore godt å vore ferdig litt tidleg slik at ein kan skamkose seg dei siste dagane :)


I dag har eg ikkje fått gjort ein einaste julerelatert ting, og slik syns eg det er mange dagar. Nei, i kveld skal handlelister, huskelister, og prioriteringslister skrivast. I morgon skal eg vere Frøken Effektiv de Luxe.

Ha ein god mandagskveld :)

søndag, desember 13, 2009

Eggeglass med snømenn i



Med tredje søndag i advent var det også tid for å åpne den nest siste adventsposen. Blant små juleblader og nye tannbørstar låg det utstyr til å lage snømenn. Vattkuler i to størrelsar, små hattar og oransje minigulrøtter fann eg på hobbybutikken. Hobbylim og svart maling hadde me frå før. Billig moro.


Eit perfekt og enkelt prosjekt å gjere saman med små ungar. I kveld har eg tenkt å hekle små skjerf til snømennene og sy ei hempe i hattane. Sjølv om snømennene er søte i eggeglassa (ser nesten ut som om dei er på aketur), så skal dei hengast opp på juletreet.



I adventsposen var det også nye matboksar kjøpt hjå Tamo, og desse fall verkeleg i smak hjå Alma.

Alma er forøvrig iført ein nydeleg kjole me fekk tilsendt frå designeren av Dundelina. Kjolen er i skittenlilla cordfløyel og knallfin med små broderi og perler i fronten. Desverre klarar eg ikkje få fine bilder av kjolen, då mannekengen til stadighet er i bevegelse. Men bilder kjem før eller seinare slik at de også får sjå. Eg er superfornøyd med både passform, kvalitet, saumarbeide og design på kjolen og gjer Dundelina mine beste anbefalingar.

Hjelpe meg kor tida fyk. I løpet av veka som kjem bør eg få dei fleste gåver i boks, få bestilt julekort, vaska og ordna. Trur listene må skrivast i kveld gitt.

Ha det godt så lenge :)

Lørdagen i bilder


Ei superkjekk og koseleg CD-helsing i posten. Tusen hjerteleg takk Christine - for fine ord og nydeleg musikk.

Eg kan stryke denne CD'en frå mi ønskeliste til jul, men de bør absolutt føre den opp. Nydeleg og behageleg musikk.



Fantastiske illustrasjonar.
Til og med rom for fargelegging inni "songheftet". Slikt LIKAR eg.
 Jada, eg har mørkeraude negler etter å ha tilbragt fredagskvelden ute på middag med jobben :)


Litt pynting.

Litt baking.

Litt mislykka bakst ;)



Vel baksten var ikkje mislykka, for smaken var god. Det var berre så himla stress å få kakene fine. Oppskrifta finn du her. Trines Mektige Matblogg er forresten heilt herleg inspirerandes.

3. søndag i advent er til for å nytast - ha ein flott dag :)
Related Posts with Thumbnails