fredag, oktober 30, 2009

Rudolf er uten nese dippedippedippedi


Berre slapp av, eg skal ikkje starte julepreiket enno altså :) Eg syns nemleg det er littegranne for tidleg. Men etter å ha sett gårsdagens innlegg frå Berthas Oldebarn og Silje Sin, måtte eg i kjellaren for å hente fram fluesoppsamlinga mi. Og saman med fluesoppane låg søte vesle Rudolf. Han mangler nase. Og kva er i grunnen Rudolf utan nase. Det er ikkje rart han ser vettskremt ut stakkars ;) Men full av sjarm det er han iallefall.


Eg måttte berre knipse litt bilder av Rudolf. Han må nemleg tilbringe nokre veker i skapet, før han får komme ut i lyset litt nærmare jul. Eg hadde gløymt heile Rudolf ut, men eg kjøpte han altså på QXL i fjor. Lukka er QXL på oss underernærte loppemarkedentusiastar.

Hin dagen såg eg pakningen med små stearinlys oppi ei eller anna korg. Akkurat nå når eg treng dei, så finn eg dei ikkje. Er det ikkje typisk?

Alma er litt snufsete og er heime frå barnehagen i dag. Me skal straks ta oss ein tur ut på butikken. Glitterpennar står på handlelista. Og filt. Eg har fått ein idè og MÅ berre teste den ut :)

Ha ein sprudlande god fredag og ei topp helg!

torsdag, oktober 29, 2009

Ekstra store bilder på bloggen 2

Kva var det eg stressa med hin kvelden? Alt forgjeves, he he he. Lisbeth tipsa meg i ein kommentar, og dette leda meg til Anettes Hus som har forklart korleis gjere dette veldig enkelt. Dersom du vil ha store bilder utan å bruke Windows Live Writer, kan du også gjere dette :)

Nå har eg surfa ALT for lenge på PC'en. Berre halve kjøkkenskapa er vaska. Svusj og skjerpings her. Vaske vaske vaske ;) Tudeluuu.

PS! Vesten til Alma er kjøpt hjå Monsoon. Kjekt når plagg i str 6-9 mnd framleis passar ;)

Eit herremåltid

Eg saknar Pastasentralen. Herlighet kor eg saknar Pastasentralen. Neste gong eg skal til Bergen skal lunsjen nytast der. Det er iallefall bombesikkert :) Min desiderte favoritt er rett Nr 7 AGNOLOTTIALL´AGLIO
Pastahalvmåner fylt med kjøtt og grønnsaker i hvitløksaus.


Bur du i Bergen, eller skal du der, prøv den retten. Den er dødsgod.

okt112

Her i Stavanger finst ikkje Pastasentralen. Desverre. Men her finst det ei lita mobil pølsebu/matvogn som har italiensk meny. He he, den kan ikkje samanliknast med Pastasentralen, men maten er skamgod. Vogna har stått i 2 år på Forus, men nå har den flytta ned til parkeringsplassen ved Kilden. Nærare oss.

Eg kjøpte lunsjen der i går. Mmmm, Aracinata, Zeppole og Foccacia med pepperonata. Kan ikkje bli betre på ein onsdag. Iallfall når ein ikkje bur i Bergen.

Ha ein god torsdag. Eg er i sving med vaskefilla. Ekte kjerring som eg er, tihi.

Klem til alle som vil ha :)

onsdag, oktober 28, 2009

Ommøblering er gøy

Møblane forflyttar seg til stadighet her i huset. Ein treng ikkje kjøpe nytt for å få litt endring og eit anna uttrykk. Heldigvis.

okt105

Eg har snudd Norden bordet 45 grader og syns plutseleg stova vart MYKJE større. Gøy når det er så lite som skal til.

okt108

I dag hadde eg meg ein svippomtur på Fretex.

Ein gul liten glassvase (20 kr).

okt107

Ein gul metallboks (20 kr) med hank. Perfekt til oppbevaring av BoligLIV for eksempel.

okt110

Gøy med billige gule detaljar, for eg veit at den fargen ikkje kjem til å prege interiøret for evig tid. Men GULT er KULT nett nå :)


Ha ein flott onsdagskveld.

Klem frå Linda Pinda Pøne er ei Skravlehøne

Større bilder på bloggen frå nå av

Noko eg saknar på denne bloggen, samanlikna med den forrige eg hadde, er at bileta er så små her på Blogspot. Stor var derfor gleda, då eg oppdaga at Som mine dager er så generøst har lagt ut ein genial oppskrift på korleis endre dette (tusen takk for det). Dette er derfor ein test på om eg klarar dette eg også.

mai4

Tusen takk for fantastiske kommentarar på julekortprøvefotograferinga. Eg er enig i at det er koseleg med ikkje-oppstilte bilder. Me får sjå kva det vert til. Helst vil eg jo bestille julekort frå Bodil-Bo – har du tid til det Bodil? He he, greit med kommunikasjon for åpen scene. Ikkje sant ?

Ha ei god natt. Ansiktet skrik etter litt skjønnheitssøvn :)

tirsdag, oktober 27, 2009

Tre små lukketroll




Det er ikkje lett å få tre små troll til å posere samstundes. Med tanke på eventuelle julekort hadde me ei aldri så lita fotostund før me stakk på laurdagshandel. Eg angrar på at eg ikkje strauk lakenet eg slengte over sengegavlen, men rukkene kan eg kanskje redigere bort i etterkant.

På bileta får de inntrykk av litt av utfordringane. Gutane ligg fint, medan frøken dingsedangs herjar rundt dei :)

Ha ein uforgløymeleg tirsdag!!

mandag, oktober 26, 2009

Mandag på hell...

Etter at eg flytta til Stavanger for snart 2 år sidan har det vore langt mellom dei skikkeleg gode bruktfunna. Ikkje veit eg kva som gjer det, men kanskje folk generelt er opptekne av fine retro-stoff og ting her i byen. Vel, i Bergen var det vel kanskje ikkje akkurat overflod der heller, men eg syns liksom det var meir. Når eg ser funna til Huset ved Bekken kjenner eg at eg vert heilt sjuk etter å gjere samme kupp, he he. Hin dagen var hadde eg eit ærend på Sola, og der fann eg jammen ein liten bruktbutikk. Ei heil skuff var full av handarbeidsting (hovedsakleg uferdige strammei broderi). Eg fall for dette vevde bandet, og syns ikkje ein pris på 25 kroner var avskrekkande.
Eg har begynt å sy fleire puter nå, og må berre reklamere for dette fantastiske skjærebrettet, skjærekniven og linjalen eg fekk hjå svigerinna mi til bursdagen i fjor. Det er heilt FANTASTISK, og eg fatter ikkje korleis eg klarte meg før ;)

Ha ein toppers mandagskveld !!

søndag, oktober 25, 2009

På fire hjul i svingen

Det er mange som lurer på korleis eg klarar få gjort ting med tre små barn i huset. Eg er overhodet ingen superwoman. Langt i frå. Og eg har ei milevis lang liste over ting eg vil ha gjort, men som eg ikkje får tid til å realisere. Men eg trur kanskje eg er flink å gjere ting innimellom alt det andre.

På gårsdagens laurdagshandlerunde vart fire hjul innkjøpt. Og medan middagen steikte seg sjølv, skrudde eg hjula fast på denne gamle trekassen. Ungane elskar å hjelpe til. Alma holdt styr på skruane, medan Samson fekk prøve drillen. Simon sov søtt i bråket. Herr Fe dekka bordet. Eg rakk akkurat rydde opp igjen før middagen var ferdig. Vips - eit midre prosjekt på To-Do-lista mi ;)
Trekassen fann eg på mamma sitt loft for mange år sidan (ho har eit hus frå 1913), og har brukt den til alt frå leikekasse, vedkasse og juletrefot (!). Nå fungerer den som teppehotell. Eg syns den vart fin med hjul på.

Minde Chokoladefakrik eksisterer ikkje lengre, men eg saksa dette frå Wikipedia:

Minde Chokoladefabrik ble etablert i Bergen i 1898 av Anton Minde og broren Hjalmar. Den første fabrikken lå i Starvhusgaten, men da den ble for liten, ble det bygget ny fabrikk i Nygårdsgaten. Den gamle ble brukt til lager. Etter bybrannen i Bergen i 1916, hvor lageret i Starvhusgaten brant ned, bygget man så ny fabrikk i Lars Hillesgate. Den var på fire etasjer med et areal på 1326 kvadratmeter.

Det var lokale kvinner som stod for produksjonen av
sjokolade, men oppskriftene kom fra konditorer som ble hentet inn fra Sveits og Tyskland. Oppskriftene var bedriftshemmeligheter og ble ikke skrevet ned.

Etter Anton Mindes død var fabrikken eid av Behrensfamilien, så av B. Friele & sønner og Rieber & Søn. I 2000 ble fabrikken overtatt av Brynildsen fabrikker i
Fredrikstad.

Eg fjerna ein planke, som har vore ein del av lokket på kassen, og under planken stod det skrive for hand: Rosenkrantzgt. 48 (veit at det er vanskeleg å sjå på bildet altså). Plankane til kassen har nok blitt resirkulert i si tid.Skulle gjerne likt at kassen kunne snakke, så kunne den fortelje meg korleis den havna på eit loft på Sæbøvik. Det har iallefall skjedd før 1973, då mamma og pappa flytta inn der.

Tusen takk for tips angåande rettar til laurdagskosen. Det er nesten så eg angra på at eg spurte, for eg fekk lyst på alt mulig godt etter å ha lese tipsa ;)


Ha ein flott søndag. Helsing ei som elskar søndagar med ein time ekstra :)

lørdag, oktober 24, 2009

Lørdagsgodt


Sjå kor perfekt brettet frå Clas Ohlson passar til skålene frå Living. Akkurat plass til seks skåler på brettet. Og det heile passar perfekt i fargen til Kitchen Aid'en. Slikt vert ein god fe glad over :)

I dag har eg lyst til å spørre etter gode rettar til lørdagskosen. Her har me liksom kjørt oss fast i taco, bakt potet eller pizza. Har du nokre gode forslag til meg?

Tusen takk for alle positive kommentarar på sopprekkja. Ting gjekk fort for seg, og undertråden laga ein krøll i starten av alle saumane. Så dette er absolutt ikkje mitt beste handtverk, men det gav kanskje soppane litt personlegheit (om eg skal fokusere på det positive).

ha ein super lørdag

PS, me er friske igjen :)

fredag, oktober 23, 2009

Kreativ fredag

Omgangssjuka kom som julekvelden på kjerringa seint i går kveld. Dermed vart me heime heile gjengen i dag.

Formen på dei små steig heldigvis utover dagen, og då var det om å gjere å finne på noko kjekt ilag. Eg henta fram Elna, masse stoffrestar, sakser, band, teinesaker og papir. Til og med eldstemann på snart 7 syns dette var kjekt (han er som oftast fullstendig oppslukt av LEGO og liknande).

Resultatet vart eit girlander av soppar i ulike fargar og fasongar. Eit særdeles raskt og moro prosjekt. Her heng soppegirlanderet bortover på knaggrekka, men den er også fin hengjande vertikalt med soppane på rekke og rad oppover/nedover. Som de forstår vert det ei roleg heimehelg på oss. Symaskina er framme, heile stoffsamlinga likeså. Håpar eg omsider får litt tid til putesaum (eg har ikkje gløymt deg, Kaia). Ynskjer alle ei superduper helg.

Klem frå Linda

torsdag, oktober 22, 2009

Inn i det gode selskap igjen


Trestigen har kome inn i varmen igjen etter å ha tilbragt sommarsesongen i hagen. Eg elskar den gamle slitte stegen full av pussestøv og malingsflekker. Kjendte eg var aldri så lite fortvila då eine snekkeren som var her i vinter knakk det nederste trinnet på den. Heldigvis klarte eg fikse det.

Nytt gulvteppe i plast frå House Doctor kjøpt hos Nettpynt. Diggar det. Diggar House Doctor også. Hadde eg hatt min eigen butikk skulle HD vore fullstendig dominerandes i vareutvalget. Nokon som forresten har sett uglelysestakane til House Doctor i ein eller anna butikk?

Som de kan sjå har eg ikkje komt lengre med hobbyplata. Den står der så svart og fin. Sofaen skrik etter nyvaska trekk, men må vente i køen over gjeremål.

Ha ein topp torsdagsettermiddag og kveld,
klem frå

onsdag, oktober 21, 2009

Deres kongelige høyhet

For 7.5 år sidan mista eg mi kjære gode farmor. Og ein av dei tinga eg arva etter henne var dette bildet av ei ung Dronning Elisabeth og prinsen hennar. Bildet har stått i klesskapet på "rommet mitt" heime hos mamma til nå, men i haustferien tok eg det med meg til Stavanger. Det er jo rett og slett litt kult. Alle som besøker bloggen min, veit jo at eg diggar litt kitchy rare saker ;)
Bildet er skikkeleg innramma og stempla frå eit ikkje lenger eksisterande fotoatelier. Det gjer det jo berre ekstra moro, syns eg.

Alma forgudar barnehagetanta si, og alle bilder ho ser av damer med mørkt hår er henne (alt i frå Snøhvit til Synnøve Svabø). Eg måtte rett og slett le då ho kommenterte det engelske dronningparet. For ho sa " der e Anne Gro, å der e pappa" på klingande Stavangersk her hin dagen ;)

Ellers må eg takke så kjempemasse for alle kjekke kommentarar på forrige innlegg. I dag har eg kutta ut den daglege fotturen på morgonkvisten for å få litt ting gjort i heimen (Simon søv best i morgontimane). Ute i blesten på terassen står det nå nymalte lysestakar, stol og hobbyplate. Eg skal nemleg gjere som Anna og kopiere House Doctor station board'et. Eg får ikkje tak i det nokon stad, og syns det Anna hadde laga var dødsfint!

Ha ein flott onsdag

tirsdag, oktober 20, 2009

Fargerik tirsdag

Dei siste dagane har eg hatt det så travelt at eg knapt har fått vore på nett (ganske ulikt meg hehe). Eg har begynt på eit strikketøy og har brukt dei ledige minuttane på det og ikkje nett. Herleg i grunn :)
Kontorstolen til Herr Fe har fått seg eit strøk med gulmaling. Signalgul rett og slett. Trur Herr Fe kanskje ikkje er så overbegeistra over fargevalget, men pytt pytt. Det er fort å male over igjen om ein vert lei. Planen for dagen er å påføre strøk nummer to, så får me sjå kor langt eg kjem.Eg kjøpte to små lerret og lot ungane få male litt. Betre å teste ut på små billige lerret og ikkje eit gigastort.
På ønskelista mi nå står dette Station board'et frå House Doctor. DET hadde passa fint inn på den tomme kvite kartlause stoveveggen :)

Ha ein super tirsdag. Eg skal straks springe ned på skulen og heie på klasse 2 B i fotballturneringa som pågår :)

Klem frå Linda

søndag, oktober 18, 2009

Full fest i heimen

Herr Fe har bursdag i dag. Me har derfor stått på sidan i dag grytidleg. Med kakebakst, ballongoppblåsning og pynting. Alt har føregått så stille som mogleg, for at ikkje jubilanten skulle vakne før alt var klart.
Herr Fe er kanskje ikkje den som er mest glad i kaker og oppstyr, men for ungane sin del er det jo uansett kjekt å stelle i stand til selskap. Til frukostselskap rett og slett.

Muffinsrøra vart delt i to. I halvparten hadde me non-stop i røra, og i den andre ei raspa gulrot, litt kanel og kardemomme. Og kaneldryss og perlesukker på toppen. Knallgode :)

Trur ingen rørte kakene under frukosten, men etterpå fekk dei bein å gå på. Gjett om. Sjå berre på denne vesle røvaren her, hi hi.

Nokon som tippar kva som står for turen nå? Heeeeeilt riktig, støvsuging og husavask ;)
Kjære Herr Fe, gratulerer kjempemasse med dagen din. Me elskar deg over alt på jord. For oss er du den aller beste. Klemmar frå den gode og dei små feane.
Ha ein flott søndag alle saman. Eg håpar på å få svinga malekost og snurra symaskin seinare i dag.

Klem frå Linda

lørdag, oktober 17, 2009

Flyboren skatt

Sjå denne herlege tapeten eg henta på postkontoret hin dagen. Det er ein rull med gammal vinyltapet bestilt på Etsy. For å vere heilt ærleg såg eg ikkje før etter at den var bestilt og betalt at tapeten hadde blå (navy) bakgrunn. Eg trudde nemleg den var mørkebrun, he he. Eg trur me tapetserer eine veggen på rommet til snuppemor med denne, men i og med at det er ganske drastisk - så må eg tenke litt på det først :) Den kan jo også vere kjempefin til å tapetsere boksar og esker med.

Kjekt at original emballasjen var inntakt:
Med eit heilt fantastisk fint haustver ute, vert det mindre tid til blogging og nettsurfing innandørs. Dagens innlegg vert derfor kanskje ikkje av den mest inspirerande sorten, men eg må berre vise dåko verdas skjønnaste målebåndsnelle.
Denne kjøpte eg på Monsoon Accessorize, ein butikk eg forøvrig diggar ;)


Ha ein wunderschön fabelaktig lørdag du også.
Diger klem frå Linda

onsdag, oktober 14, 2009

Trist og grått i grunn


Dei siste dagane har eg bytta litt ut på dekoren i stova. Dei fargerike putene skal få haust og vinterferie, og skal bytast ut med nokre mindre sommarslege. Men eg syntes det vart litt grått og trist og fargelaust. Rett og slett tamt. I morgon skal maling innkjøpast, og litt andre farger skal på plass. Mon tru om ikkje lampeskjermen skal få nytt trekk også. Det får duge medan eg sparar til nye lampar frå La Lampe Gras ;)
Steinar eg hamstra på stranda i favorittlandsbyen min i Italia har flytta innandørs for sesongen. Dei har fått eit lett grønnleg skjær etter å ha tilbragt sommaren ute. Eg må visst gje dei ein omgong med børste og såpevatn. Det er greit å ha planane i orden iallefall, he he he.
Tusen takk for overveldande respons på forrige innlegg. Det er alltid så ekkelt å publisere ting som egentleg er veldig personleg. Men med dei kjekke kommentarane feiast all skam til sides. De er toppen altså!!!

Ha ein finfin onsdagskveld, klem frå Linda
Related Posts with Thumbnails