tirsdag, desember 30, 2008

Den gode feens interiørår 2008

Inspirert av mange av dåko andre så har eg også lyst til å ha eit 2008-kavalkade innlegg.

Dette året har gått rasandes fort, og når eg tenkjer tilbake, føler eg at ingenting er blitt gjort. Når eg nå har samla bilete frå heile året, ser eg at litt er utført likevel. Godt å oppdage :)

2008 var året der eg etter 16 år som bergensar pakka snippøskja og flytta sørover til Stavanger. Dette er det siste bilete eg tok i leiligheten på Landås...


Like før me flytta kjøpte eg dette bordet på Fretex. Farmor hadde eit liknande, og eg var lukkeleg over å få mitt eige. Bordet er framleis brunt, men eg vurderer stadig om eg ikkje skal male det.


I februar overtok me vår nye bustad, og oppussinga starta umiddelbart. Kjøkkenet er nok det rommet som har gjennomgått størst forvandling, og hjelpe meg for eit kluss det var å dekke over dei øggli kjøkkenflisene med sementblanding. Heldigvis vart resultatet bra, og noko eg framleis set pris på at me gjorde.

Kjøkkenet vart veldig MEG til slutt, og det er utruleg kor mykje litt maling, nye knottar, nye gipsplater på veggene, nokre nye skap og enno meir maling kan utgjere. For dei som ikkje hugsar det, og som er ekstra intresserte, så anbefalar eg eit dykk tilbake i arkivet mitt for å sjå korleis dette kjøkkenet såg ut då me overtok ;)

2008 har vore året der eg har gjort stadige gode kupp/funn på Fretex/Finn/Qxl og Etsy. Eg er framleis forelska i desse påfuglane:

Gangen kom seg betrakteleg med kvitmalte vegger, stadbygd benk, hylle og Herr Fe sine maleri på veggene.

Etter ein herleg sommar, starta alvoret for fullt i heimen. Eg sjølv kom meg tilbake i full sving på jobb etter å ha hatt 1 års herleg permisjon, og 5,5-åringen byrja i 1. klasse. Alt har gått så overraskande bra, at eg kan nesten ikkje skjønne kvifor eg grua meg. Pult, kontorstol og Europakart kom på plass på gutterommet i god tid før skulestart. Den dag i dag er eg glad eg kom over dette kartet og fekk det i hus :)For første gong på mange, mange år (tiår?) malte eg eit rom ein anna farge enn kvitt. Stova vår vart mala Skagengrå. Fargen er veldig fin, men eg må innrømme at eg har kjøpt inn malingsruller og penslar i dag. Eg vil ha kvit stove igjen, og sprite den opp med spreke fargar i tekstilar, bilder og slikt. Gråfargen er nemleg vanskeleg å kombinere med andre fargar.


Bakgangen er også i ny drakt etter ørti strøk med kvit oljemaling, nye hyller og hylleknektar.


Når eg ser alle desse bileta klarar eg nesten ikkje slappe av, for eg vert så bevisst alt det som manglar. Sokkelfrontar på kjøkkenet, nytt gulv i gangen, nye vindu, nye ytterdørar etc etc. Ein ting som er sikkert er at 2009 kjem til å by på enno fleire endringar i interiøret, enn det som vart utført i 2008, og eg klarar nesten ikkje vente med å gå i gong.
¤
Før eg ifører meg malingsklede, finn fram maling og utstyr, så gjenstår det å takke for alle kommentarar og tilbakemeldingar eg har fått i løpet av året som har gått. Eg hadde neppe gidda blogge om ingen kom med tilbakemeldingar dann og vann, og det er kjempekjekt å bli "kjendt" med dei av dykk som har eigne bloggar. Eg gledar meg masse til året som kjem, og satsar på å få tilbake bloggelysta for fullt. Snart er det lysare dagar, det nærmar seg vår og eg skamgledar meg :)
¤
Ynskjer alle som er innom eit flott 2009, og tusen takk for det gamle!!

Herlege romjulstid

Hei hei alle saman, eg håpar de nyt romjulstida like mykje som meg. Me har vore bortreist ei vekes tid, og har hatt fine dagar saman med familien og venner. Kjempekjekt :)

Nå er me vel tilbake i hus og heim, og gledar oss til å feire nyttår her. Som de kan sjå, har me eit lite skjønt juletre i år. Må sei eg var overraska over juletreutvalet i denne byen. Nesten berre edelgran, og dei fleste nydeleg fine. Eg er liksom van med at treet ikkje alltid er så fint, men ein må ta det ein får tak i.

Eg kjøpte ny juletrefot i år for ørtande gong, men heller ikkje denne holdt treet beint oppreist, så då var det fram med vedkorga igjen. Vedkorga er trukken innvendig med dobbelt lag svarte søppelsekker, for denne juletrefoten var så elendig at den lak i tillegg. Snakk om dårleg kjøp...



Alle som surfar i blogglandia er nok drittlei juletreprat og juletrepynt, men her er ikkje jula overstått enno. Tippar treet forsvinn ut saman med resten av pynten like etter morgondagen er overstått.

Eg puslar med litt handarbeid innimellom slaga. Desse huene vart ferdige før jul, men ikkje bloggifisert før nå. Huene gav eg til Prinsesse Elin og Marit som takk for at eg fekk vere utstillar på Jul i Skulehuset. Dei fortener så mykje meir begge to, men det vart med desse huene denne gong.

Nå ser eg fram til fleire fridagar, og tid til å knipse bilder av nokre av dei fiiine julegavene me har fått her i huset.
Ha ei fortsatt god jul, og ein fin dag i morgon!!!

søndag, desember 21, 2008

4. søndag i advent

Heihei, eg er her eg - og alt er bra. Og nei, Emmeline, eg har ikkje blitt kidnappa av nissen. Ha ha, det skulle tatt seg ut. Sjølv om det sikkert hadde vore ganske kjekt når eg tenker meg om. Å bli med ut i sleden til nissen, med Rudolf i front, og meg og nissen hand i hand medan me leverte ut pakkar til liten og stor :)

Det er ingen spesiell grunn for mitt fråvære i blogglandia. Berre travle dagar på jobb, mørke ettermiddagar utan godt fotolys, omgangssjuke, influensa, ny pc og nytt kamera som eg ikkje har hatt tid til å setje meg inn i. Julekav og julekos i ei skjønn forening. Eg har også bevist at det går an å gå på jobb med omgangssjuke. Absolutt ikkje å anbefale, då det er dei verste jobbdagane i mi karriere. Men har ein deadline, så har ein deadline.
Nå er det berre ein dag igjen på jobb før eg tar ferie, og då får eg jo vere heime i godt fotolys også. Og kanskje finn eg ut korleis kameraet virkar utan at blitzen poppar opp i tide og utide. Hatar blitz :)
I dag er det fjerde søndag i advent, og her i huset er framleis ingen adventsstake på plass. Den får me ta til neste år ;) Men det meste andre er på plass altså. Huset er vaska grundig frå tak til gulv. Reine sengklede kjem på i løpet av dagen. Julekort er sendt ut. Fuglemat og fuglenek er hengt ut. Dei fleste gåvene er i boks. Og juletre - det skal me få i hus i dag, pynte det og kose oss med kalkunmiddag.
Ynskjer alle som er innom nokre fine dagar nå fram til jula ringast inn!!

lørdag, desember 13, 2008

Jippi det er helg

Atter ein herleg lørdag med fri er straks overstått. Eg og snuppemor har vore på ein liten handletur i byen. Kom ikkje heim med ein einaste pakke, men nå er iallefall juleantrekka i boks. Eg diggar dei klassiske barneklærne på gode gamle Bennetton (skrives det med ein N mon tru?).
I huset er det reint og ryddig. Eg fekk tatt ei skikkeleg god økt i går kveld. Bittelitt julepynt er også komt fram, så nå kjem stemningen snikandes også. Så snart juletreet er på plass på kjøkkenet (!) er det full jul i huset :)
Ha ein super lørdagskveld.
PS! Dei knallfine jule"kulene" som heng på lysestakane er eit ballerinadame og ein tilhøyrande velstelt mann eg var så heldig å få av min beste venn for nokre år sidan.

onsdag, desember 10, 2008

Ymse nytt

Det vert litt blanda drops her i kveld. Litt splitter nytt. Litt gammalt, men likevel nytt for meg. Og litt synytt :) På bildet over ser de varer eg bestilte hjå "From Japan with love" for eit par veker sidan. Det er eit dødsherleg stoff med soppar og jordbær på. Det er faktisk bittelitt glitter på dei fleste soppane, men trur ikkje det viser på bildet. Filtklistermerker med babuskadukker, soppar og blomstrar og eit nydeleg linband med epler (?) bestilte eg også..
-
Er veldig fornøgd med handelen, så eg skal jammen bestille meir derifrå om ikkje lenge :) Må snope litt til meg sjølv til jul, veit de ;) Som de sikkert har fått med dåko, så er eg dann og vann på Qxl og sonderer terrenget for ting eg likar. I det siste har det gått mest i gamle julekuler, flugesopplysestakar og gamle glansbilder. På bildet ser de eit par av dei finaste glitterglansa eg har fått tak i. Dei er så gamle at baksida er lysebrun, og jo eldre jo betre for meg. Satsar på at minifeen også vert glad i glansbilder når ho blir større :)

Eg trur til stadighet at eg brukar opp siste rest av toile-stoffa mine. Men ofte dukkar det likevel opp bitar av ein stoffrest skjult innimellom andre stoff. Då denne blåe resten dukka opp i helga, vart den brått omforma til eit strikkepinneetui og ei nålepute.
-
Takk for alle god bedring ynskjer de har sendt i denne retning. Eg trur det har virka, for i morgon er me klar for både barnehage og jobb igjen *bank i bordet*. Nå skal eg snuse litt på dei nye japanske varene for å finne ut kva det skal bli til :) Ha ein fin kveld!

mandag, desember 08, 2008

Noko av det skjønnaste eg har sett

Jada, to innlegg på ein dag er det lenge sidan eg har praktisert. Men etter kveldens surferunde, må eg berre vise dåko desse bildene.
Dette er altså små bedårande, nydelege små hus laga av ei amerikansk jente (JESSICAJANE) på 23 år.

Er dei ikkje fantaastisk skjønne?

Små gnomar lagar ho også. Eg veit ikkje kva materiale ho brukar. Nokon som har forslag? Kanskje det er lufttørkande leire, eller fimoleire?

Eg syns desse husa, dei små gnomane og samansetjinga i "titteboksen" var superinspirerandes og fint. Berre synd at ho ikkje har fleire hus for salg nett nå.
Men bloggen hennar finn du her, og butikken hennar finn du her
Ok, det var alt for i dag. Kanskje eg er tilbake i morgon allereie? Formen er iallefall ørlite betre, så det er håp i sikte :) Tudeluuuu

Andre mandag i desember


Det nærmer seg jul med stormskritt. Eg veit ikkje kva det er med meg i år, men eg manglar både julestemning og ordentleg juleinspirajon. Trur det er travle dagar på jobb som er årsaken, og at me nå er midt inni haustens andre runde med omgangssjuke, er jo ikkje akkurat motiverandes for noko som helst.
Eg saknar å ha fri til å dille og dalle, og ikkje minst kunne eg tenke meg å spasere inni byen på julehandel. Ein vert jammen bortskjemt når ein har permisjon. Kanskje eg får tid til helga. Satsar på det.


Litt netthandel har eg då klart å ordne i ørska. Det meste er julegåver, så eg kan naturlegvis ikkje vise fram fangsten. Men litt er kjøpt inn til feens heim også. Ei herleg korg til oppbevaring av tepper er kjøpt hos Hageliv, og knallfine boksar frå House Doctor er kjøpt hos Mollys Heaven.
Ha ei fortreffeleg fin veke!


tirsdag, desember 02, 2008

2. desember

Eg ser at det er julestemning i dei fleste bloggeheimar for tida. Her har det ikkje skjedd mykje nytt etter helga.

Eg fekk plutseleg for meg å dekorere med lilla adventspynt, og bestemte meg for å bruke mandagens lunsjpause på å gå på Hilmers Hus' opphørssalg. Der hadde eg nemleg passert eit lilla vatteppe frå House Doctor hin dagen. Hilmers Hus må imidlertid ha hatt tidenes kortaste opphørssalg, for der var allerede butikken stengt og lokalet var berre fullt av esker og papir. BUHU!

I rein desperasjon (hadde tydeligvis penger som brann i lomma) havna eg på Living. Men neida, der fann eg ingen lilla pynt eg ville ha. Det einaste som vart med meg tilbake til jobben var to bukettar kvite ranunklar frå blomsterbutikken. Nydeleg fine, men ikkje var dei lilla, og ikkje varer dei heile advent...
Vel, eg har ikkje gitt opp jakta etter ny adventspynt, men inntil vidare kosar eg meg med desse fine bileta frå nederlandske Jurianne Matter. Besøk gjerne nettbutikken hennar for fleire fine bilete.
Alle foto: Jurianne Matter

Ha ein fin tirsdagskveld. Her vert det avslapning på sofaen med nytt hekletøy og bonderomantikk :) Tudeluu.

mandag, desember 01, 2008

Ønskeliste til jul

På nettet kan ein finne mange skjønne ting å ønske seg til jul. Kva med ei babuskha Hello Kitty?
Eller ein skjønn pung?

Ein fin sopp til å henge i mobilen?



Eller små porselensfigurar til å plassere dei kinesiske pinnane på? He he, sikkert greit å ha når du legg pinnane frå deg for å ta ein slurk vatn :)


Eller kva med ei fluesoppsparebøsse med formsydd trekk til?

Ikkje tvil om at det er mykje rart å bruke pengane på om ein vil :) Ha ein finfin 1. desember alle mann!

PS! Alle bildene i dette innlegget er frå From Japan with love

Related Posts with Thumbnails