fredag, oktober 31, 2008

Det går trått

Beklagar at det er så unormalt stille her i bloggen og på kommenteringsfronten om dagen. Me har slete med sjukdom hjå dei små i fleire veker. Alt frå omgangssjuke til feber, hoste og snørr har prega dagane og nettene, og det har rett og slett ikkje vore tid til å bruke tid på bloggen. Me er sikkert ikkje dei einaste som slit med sjuke ungar for tida, så eg reknar med at de forstår meg - snille dåko :)
I dag måtte eg hente ei febersjuk jente i etter 3 timar i barnehagen, så då vart det heimepussel resten av dagen. Nokon kjenner sikkert igjen fargekombinasjonen i den brune-oransje-raude heklehua. Eg har hekla slike før, for fleire år sidan. Men nå fekk eg lyst å lage fleire. Skikkelege fargebomber vert dei. Skal prøve ta in-action bilder når dei er ferdig dekorert, og med betre fotolys tilgjengeleg :)
Ynskjer dåko alle ei FIN helg :)
PS! På bildene ser de også mitt triks for å sleppe vaske dei kvite Ektorptrekka for ofte. Eit tynt sengeteppe til 25 kr frå Ikea dekker sitteputene til kvardags. Enklare å vaske desse teppene, i staden for heile trekka :)

Related Posts with Thumbnails