søndag, september 28, 2008

Pose til dukkeklær

Under gårsdagen sying vart eg også ferdig med denne posen til oppbevaring av for eksempel dukker og dukkeklær. Tusen takk for kommentarane på gårsdagens innlegg forresten - eg set pris på kvar og ein av dei :)
Posen er veldig stor (noko som sikkert ikkje kjem fram på bildene), men eg har ikkje ekstakte mål her nett nå. Tipper den er 50x70cm, men er kanskje større enn det også.
På posen har eg sydd fast eit motiv Ohelene printa ut på stoff for meg ein gong (kan det vere så lenge som 4-5 år sidan?). Trur Ohelene brukte ein teknikk som heiter Bubble jet, og motivet forsvinn ikkje uansett om ein vasker det i maskin. Tusen takk iallefall Ohelene! Eg har spart og spart på dette, og endeleg fann eg ut kva motivet skulle brukast til :)
Posen er sydd i grov lin, fòra med kvit bomull, og rundt sjølve motivet og som snor har eg brukt eit band i Burberry-stil. Linblonde nederst
Eg har sydd ei hempe på posen slik at den kan hengast opp.
Eg har rett og slett fleire syting som manglar siste finish før dei er ferdige, og håpar på å få tid til litt på kveldstid denne veka også.
Ha ein fin mandag :)


Sysøndag

Heihei, nok ein herleg søndag er snart forbi. Eg elskar å stå opp grytidleg, slik at dagen er lengst mulig og eg får gjort mest mulig. I tillegg til mykje anna, så har eg sydd masse i dag.
Eg fall pladask for dette lyseblå og raude Tildastoffet, og kombinerte det med eit raudrutete stoff eg kjøpte på Pandurosalg for å lage desse "boksane".
Med vliselin på både fòr og ytterstoff er dei stødige og held fasongen supert. Bruksområdet for boksane er nesten ubegrensa. Dei kan vere like fine på badet, på barnerommet, på hobbyrommet som på kjøkkenet. Sånt likar eg vettu :)
På Fretex fann eg eit fotsidt skjørt forleden dag. Det har truleg tilhøyrt ei sylfide i størrelse 34 - ergo ikkje for meg, hehe. Men stoffet var berre så ultratøft, at eg kjøpte skjørtet likevel. Sjå berre her (litt uskarpt bilde, men dog...).
Giram fargar og spinn dei nydelegaste garn, og eg er overlukkeleg for å ha sikra meg dette hespet her i turkise tonar. Bildet yt det absolutt ikkje rettferdighet, det er mykje finare i verklegheita. Den okergule hespa kjøpte eg for 5 kr på Fretex. Eg har ikkje heilt plan for kva garnet skal brukast til, det turkise er nesten for fint til å brukast, men eg finn nok på eitkvart:) Då gjenstår det berre å ynskje dåko som er innom ein fin søndagskveld. Eg er tilbake med meir sy-ting (ikkje syting, hehe) i morgon :) Arrivedierci :)

lørdag, september 27, 2008

Etterlysning

Eg har i lang tid våre på jakt etter store skjell med perlemorglans like dei de ser på bildet under her. Nokon som anar kvar dei kan kjøpast?

Bildet er teke frå denne fantastiske bloggen som eg oppdaga på kveldens surferunde. Ta dåko ein tur innom der de også og nyt dei fine bileta og den fine heimen!
Når det gjeld bøkene i forrige innlegg så er det lenge sidan eg bestillte dei, men det er godt mulig at Yvestown frameis har fleire på lager. Eg betalte ingen toll, men veit ikkje kvifor. Pakken var ikkje merka med gåve...
Og vinterdressen til minifeen anar eg ikkje kor kan kjøpast. Eg kjøpte min hjå Kids & Care på Tvedtsenteret, men veit ikkje om nettbutikkar som forhandlar eksakt den same. Beklagar.
Stuptrøytt fe bør komme seg i seng nå, men lovar å komme med sjølvtekne bilete og kanskje noko nylaga i morgon :) ...............Zzzzzzzzzzzzzzz

torsdag, september 25, 2008

Japanske interiørbøker

Gjett om eg har sikla på desse bøkene i lang tid. Tre bøker fullspekka med barnerominteriørbilete - dei fleste retroinspirerte og fargerike. Children's rooms Copenhagen, Childrens rooms Stockholm og Children's rooms London. Beklagar at bileta er elendige. Men skulle det bli oppdatering, så måtte eg ta bilder og poste nå i stadan for å få tilstrekkeleg med skjønnhetssøvn...
Bøkene kjøpte eg over nett hos Yvestown. Saman med bøkene kom Hello Kitty godteri og ein tøff raud kulepenn med kvite prikkar. Det gløymte eg heilt å fotografere... får ta det i morgon.

Sjekk det tøffe svarte ugleteppet:

Venninna mi fall pladask for desse hekla teppene, og eg er enig i at dei er råfine:
Dagens bilder viser forøvrig eit nydelegputevar i bakgrunnen. Eit varp frå Fretex: brunt putevar med kvite hjerter på . I tipp topp stand. Jippi!

Ynskjer dåko ei finfin helg!

onsdag, september 24, 2008

Lilla og oransje er kult

Tusen takk for alle god bedring kommentarar til vesle snuppeluppo mi. Ho er frisk og rask igjen, heldigvis.
Det har vore så travelt i det siste, at eg ikkje har fått tid til å fotografere bilder av ferdigstilte ting i heimen og på syfronten. Dette innlegget er derfor pepra med bilder frå danske Boligtorvet.dk.
Bileta er frå ein reportasje frå fritidshuset til Tina Winholt på Nordsjælland, og eg diggar det. Sjølv om eg aldri kjem til å våge farge mine eigne sofatrekk lilla, så er det jo dødskult.
Og saman med små oransje detaljar vert det ultimat. Eg er sååå glad i det oransje forkledet mitt som eg kjøpte for 30 kr på Fretex i vår (det som eg ville klippe hekken i - hugsar de?). Det heng på kjøkkenet og skapar liv. Oransje er nemleg ikkje berre fint attåt lilla, men passar også kjempegodt attåt isblå/lys turkis *hoppandes glad*.
Det er strålandes sol utan ei sky i sikte ute, og eg gledar meg til å sjå poden på fotballtrening i kveld. Det er nemleg hysterisk morsomt å sjå 5-6 åringar spele fotball. Der keeperen er meir oppteken av ein fin stein på bakken enn å stoppa ballar. Der 20 % av spelarane ligg i kvar sin kant av banen og teikner i grusen og guttefeen står i midten og siler sand og lager røyk i håp om at motstandarane skal miste synet av fotballen pga all røyken ;) Ha ein fin onsdagsettermiddag de også!

mandag, september 22, 2008

Dakar liten

Dakar liten almalill. Med feber, snørr og ekkel hoste er det godt å sove med med kanina på armen.


søndag, september 21, 2008

Soppveske

Eg har omsider fått syånda over meg igjen. Vart ikkje denne veska søt? Soppstoffet eg kjøpte frå ein eller anna utanlandsk nettbutikk (var det Reprodepot mon tru) er jo berre diggbart. Og kombinert med litt raudrutete stoff frå Panduro, ein heimemekka flugesopp og bånd frå ein bokhandel av alle ting så vart det til denne soppveska.
Er framleis ikkje lei kombinasjonen av rødt og lyseblått... Eg har sydd mykje meir, men litt småplukk manglar før det kan bloggifiserast.

Ha ein fin søndag, og ei produktiv kommande veke.

lørdag, september 20, 2008

Laurdagskveld

Det er framleis lite fargesprell i stova. Pelargoniane er imidlertid klipt litt ned, og er dermed mindre "tantete". Dagen i dag har vore så herleg. Med stulling og stelling i heimen, sol på himmelen, og kafèbesøk og bytur. Håpar de andre også har det fint!

fredag, september 19, 2008

Schizofren interiørbloggar

Eg kjenner meg ganske så schizofren ut om dagen, ja reint interiørmessig altså :) Sånn ellers er eg trygg på meg sjølv, med beina godt planta på jorda.

Men når det gjeld interiøret er eg liksom i ei slags stilmessig forvirring. I det eine sekundet syns eg det er nydeleg med kvite blondegardiner, fattigmannssølv og rosa dronninger i glaskarmen. I det andre sekundet er eg drittlei av fattigmannssølv, og syns at både blondegardiner og dronningane er grusomt bestemoraktige. Det siste Vakre Hjem kom i postkassa i går, og eg syns rett og slett det var gørr kjedeleg med totalt uinteressante reportasjar. Uff, det er vel som å banne i kyrkja når eg seier det høgt, men det er iallefall mitt synspunkt, hehe. Delikat og nydeleg, men dødstreigt og ingenting me ikkje har sett før.
Eg likar retroens psykedeliske mønster og spreke fargekombinasjonar, og eg likar det sukkersøte romantiske til ei viss grad. Det må ikkje vere så kvitt og lyserosa rundt meg at det ser ut som om eg bur i eit dukkehus. Det må heller ikkje vere så psykedelisk som det var på 70-tallet med mønstra tapetar i alle rom. Då trur eg at eg hadde blitt schizofren på heiltid for å sei det slik ;) Eg prøver derfor å finne min eigen middelvei nå for tida, med litt av kvart som eg likar. Så då eg var på Ikea i går kveld (diggar at dei har åpent til kl 22), kjøpte eg meg to puter i svartkvitt i litt sånn grafisk stil. Putene står jo i god stil til Marimekko veska mi (som de ser blant rotet i venstre kant på øvre bilde), og til maleria til mannen som heng i gangen. Ja, for heilheten er viktig, hehe. Eg vurderer også å plassere dronningane i kjellaren, og heller ta dei fram igjen til våren. Vil ha grønne planter nå. Husfred, pepperonia, svineperler, ja, de skjønar tegninga. Eg kjem nok ikkje til nokon konklusjon i smaken min her i innlegget, dette kvernar vidare oppi hovudet mitt, hehe. Og inntil eg får bestemt meg korleis eg vil ha det i stova, så får de ha ei kjempefin helg!

torsdag, september 18, 2008

Lukka er ein vinterdress i str 2 år

Eg må vere ein person som det er lett å glede. Eg kjenner nemleg reell lukkekjensle over at eg kjøpte ein vanvittig skjønn vinterdress til minifeen i str 2 år.
Dressen er lik den som jenta på bildet nedanfor har på seg. Rosa dress med beige hjerte på magen, med muffin-refleks hengande på glidlåsen og med spiss hette og nydelege knappar i ryggen. Fòret er lys lys rosa med brune prikkar, og finlandshette i samme stoff som fòret vart også kjøpt inn. Sukk seier berre eg, hehe. Vinteren kan komme NÅ for min del ;)

Dressen er designa av Cecilie West som har merket CupCake . Du kan besøke nettsida her, og sjekk den nydelege guttedressen med fly-refleks i glidelåsen også *dån*. Det var komne så mange nydelege klede i butikken nå. Måtte setje på meg skylappar for ikkje å gå heilt av skaftet, sjå f eks denne herlege "outfit'en" frå Phister og Philina:

Eg fann mange fine gutteklær då skuleguten var liten, men ein måtte liksom leite for å finne godbitane. Med ei lita jente i hus, så kan ein jo gå aldeles amok. Det er vanvittig mykje skjønne klede. Men desverre er kleda dyre og minifeen rekk ikkje slite det ut innan ho veks ut av det. Så eg klarar begrense meg. Litt iallefall.
I mi jakt etter bilder av CupCakedressen fann eg ein nettbutikk med barneklede som kanskje fortener ein liten oppmerksomheit. Dressen selgjast nemleg hjå nettbutikken Frk. Pedersen. Og det til 200 kr mindre enn eg måtte gje for den...
Nå er eg ferdig med denne vekas stressettermiddagar, så forhåpentlegvis vert det oftare oppdatering her inne :) Ha ein fin dag!





søndag, september 14, 2008

Skikkeleg retro sybok

Eg har lenge hatt denne boka på overvåkning hos Capris, og var rask med å trykke inn ei bestilling når eg fekk melding om at den var bestillingsklar. Børnetøj du selv kan sy av Elsebeth Gynther først utgitt i 1977.
Eg har funne fram mange av retrostoffa mine, og har planar om å sy ein del hjelmhuer og slikt. Så gjenstår det berre å sjå om eg kjem så langt at eg faktisk får syinspirasjon igjen, må sei den har vore fordufta i lang tid nå...
Takk for kommentarane på forrige innlegg. Eg kan sjølvsagt legge huene ut i bloggbutikken når dei er ferdig dekorert :) Mønsteret er eigenkomponert, så eg har desverre ikkje oppskrift å dele på desse.

Og kraterboller er fantastisk godt. Har lagt ut oppskrift før, og sidan eg ikkje har den her og nå, så legg eg heller ut den enkle varianten eg gjorde i går:

Lag bolledeig etter ferdigblanda bolledeigpakke (kjøpte 1 kg's pakkar til 10 kr på OBS). Trill ut boller og plasser på bakepapir. Knepp saman ei blanding av smør (ekte meierismør blir best), sukker og kanel. Trykk fingeren i midten av kvar ferdigheva bolle, og legg ca to tsk kanelblanding i grop (eg pleier trykke blandingen godt nedi bollene). Når bollene hevast ytterlegare under steiking, så renn kanelblandinga over bollene, og resultatet vert himmelsk :)

Søndag i sol

For ei HERLEG helg!!! Her er snuppemor på søndagstur i sola, iført heklahue og eit skjerf eg hekla attåt den. He he he, hua er dratt alt for langt ned i augene, men pytt - er det så nøye då?
Eg har faktisk hekla ein del huer for salg også. Det er kjempelenge sidan dei vart ferdige (kanskje over eit år), og planen er at dei skal sendast til ein kunstkafè i Hardanger. Siste dekor manglar, og eg burde berre setje i gong å få dei ferdige. Men ting tar tid :)
Nå skal me kose oss med nybakte kraterboller til kvelds. Ha ein fin søndagskveld!

torsdag, september 11, 2008

I'm back

Heihei, her er eg tilbake. Som de kanskje ser av bildene, så har eg vore på ein fantastisk geologisafari i og rundt Austevoll med jobben.Me suste av gårde og såg mykje fin geologi og mange koselege naust og hytter.

Marsteinen fyr. Trur ikkje det er ofte det er så bølgestille her ute gitt.
Tusen takk for alle fine kommentarar på forrige innlegg. Eg er sååå glad for å vere heime igjen hos dei små feane og pappaen deira. Skal skamkose meg med dei i helga. Ha det fint de også :)

søndag, september 07, 2008

Dillesøndag

Eg fann ut at eg måtte lage ei hue attåt vesten til minifeen. Den er hekla i samme garn som vesten var strikka i, nemleg babyalpakka frå Sandnes ullvare.
Eg har ingen mønster på desse huene eg heklar, så det er alltid spennande om dei passar på. Med denne var eg derimot heldig. Den passa perfekt, samtidig som den er såpassa romsleg at den kan passe heile vinteren.
På vesten har eg for første gong fått til å sy franske knutar. Jippi!
Det gjer meg litt god samvittigheit å endeleg ha fått laga noko til veslefeen. Det er i grunnen skuffande lite eg har laga til henne samanlikna med alt eg har lyst til å få tid til. Men trøsta er at dukkeklær, dukketeater, kostymeklær og liknande berre vert kjekkare og kjekkare i åra framover.
Ha ein fin søndag!

fredag, september 05, 2008

God natt med 80-talls mimring

Eg er i litt 80-talls mimre humør. Litt moro kan ein vel ha på ein fredagskveld. Nokon som hugsar denne sangen? Sjekk dei kleda og dei spreke dansarane, ha ha ha.

http://uk.youtube.com/watch?v=28KobNbbI2s

Og så har me udødelige Tarzanboy ;) Nesten ingenting minnar meg meir om Rimini enn denne sangen, hehehe.
http://uk.youtube.com/watch?v=aE7z0SLQVEk

Denne sangen er nokon av dei finaste eg veit - i sin sjanger
http://uk.youtube.com/watch?v=mXPUkrz7Uow

Og denne:
http://uk.youtube.com/watch?v=0y5HZO6JeP0

Og denne sangen gjer meg fred i sjela:
http://uk.youtube.com/watch?v=U7-q1WRaKNg

Og så kan eg ikkje unngå å avslutte med denne vanvittig tøffe videoen og sangen:
http://uk.youtube.com/watch?v=CMwdAc1Dzfg

Dåko har sikkert falle av lasset/sovna for lenge sidan, men det er verdt å klikke innom desse godbitane. Syns eg iallefall...he he. Tudelu!

God helg

Hin dagen hausta med inn poteter. Vil verkeleg anbefale andre med små ungar å sette poteter til neste vår. Skuleguten vår var nemleg heilt i ekstase under innhaustinga. Det var jo som å vere på skattejakt då me fann store og små rosa poteter i plantekassen vår. Me sette berre nokre poteter eg hadde i kjøleskapet, men det går sikkert an å kjøpe settepoteter også.
Desse små her skal gartnaren sjølv ete til middag. Det må vel setje fart på matlysta å ete sjølvdyrka mat?
Eg har fått dilla og dalla litt heime dei siste ettermiddagane/kveldane. Har ommøblert litt, vaska og kosa meg. Her er berre litt stemningsbilder frå stova.

Ynskjer alle som er innom her ei kjempefin helg! Sola er på plass i Stavanger og det ser lovandes ut reint værmessig iallefall ;)

Related Posts with Thumbnails