mandag, januar 11, 2016

Badass Bitch

Godt nyttår :)
 
Eg har som vanleg ingen nyttårsforsett, meeeeeen når det gjeld bloggen har eg tenkt å ha som mål å oppdatere den oftare enn eg gjorde i fjor, hehehe (hadde eg eit eller to innlegg mon tru).
 
Eg blir utruleg inspirert av, og ikkje minst imponert over, menneske som jobbar målretta og knallhardt for å nå draumane sine. Ein ven av meg er eit slikt menneske, som jobber iherdig for å slå gjennom med musikken sin. Nedanfor er den første av forhåpentlegvis mange tracks frå han og hans medarbeidarar. I love it! Trykk på bildet og digg Badass Bitch du også , hehe
 
https://www.youtube.com/watch?v=_j0-KQHSsHQ

Så gjenstår det å sjå om bloggelysta kjem sigande. Inntil då: ha ei knallfin veke!

Klem frå Linda

PS! Dersom du ynskjer følgje litt oftare med, finn du meg også på Instagram ved å søke på dengodefeen eller linda sæbø. Evt kan du trykke på Instagramikonet i høgre marg.

lørdag, november 28, 2015

Pepperkakehus 2015


Ovanfor ser du årets pepperkakehus her i heimen.  Huset er ferdig, men dandering og dikkedering rundt huset manglar enno sidan pynt og dilldall ligg nedpakka på loftet. Kan hende tar eg det ned i morgon, men det er også veldig mogleg at eg ikkje gidd. Me får sjå :)

Tenkte eg skulle slå til med ein minikavalkade av tidlegare års pepperkakehus, og også nokre lenker til utvalde tidlegare års pepperkakehusinnlegg:

 
 
 
 

Her er lenker til bileta over:

Jula 2013
Jula 2012
Jula 2011:
Jula 2010:

Mal for korleis lage ditt eige pepperkakehus finn du her og oppskrift til verdens beste pepperkakeglasur finn du her.

Ha ei kjempefin adventstid!

PS! Dersom du ynskjer følgje litt oftare med, finn du meg også på Instagram ved å søke på dengodefeen eller linda sæbø

onsdag, november 04, 2015

Hei på deg

 
It's been a long time :)
 
Tenkte eg skulle legge igjen eit lite livstegn her inne. Eg lever i beste velgåande, og alt er vel med oss (takk for alle helsingar og meldingar). Eg kjem ikkje til å starte blogging for fullt igjen...ikkje med det første iallefall. Til det er dagane alt for travle, men kanskje det kjem nokre drypp nå i førjulstida :) Dersom du ynskjer følgje litt oftare med, finn du meg også på Instagram ved å søke på dengodefeen eller linda sæbø
 
Håpar du har fine dagar der du er du også!

Diger klem frå Linda

mandag, desember 30, 2013

R O M J U L


Hei på deg.
Romjula 2013 er straks på hell.
Me er heime igjen i Stavanger etter herleg juleferie og feiring på Halsnøy.
Det har vore godt å ha ferie, men kjenner at både kropp og hjerne byrjar gire opp mot jobb og kvardag igjen nå.
Eg er i full sving med å rydde i huset.
Planlegg sortere i skap og skuffer, og få orden her og der.
Vurderte faktisk tradisjon tru å fjerne julepynten i dag, men den skal få stå nokre dagar til...

Ungane skal knuse pepperkakehuset i morgon, så i dag er siste gong det vert foreviga.
Det er best eg fortset ryddejobben før piffen går ut av ballongen :)


Fine julegåver samt fine gåver frå meg til meg er på plass i den einaste ryddige kroken i stova...

På kjøkkenet står ein ny skittentøypose og pyntar opp blant 'gamle' skattar.
Alt som kan gjere klesvasken meir lystbetont vert hjartleg ynskja velkoment til meg.

Jepp, dette vart dagens glimt herifrå. Då gjenstår det berre å ynskje deg:
 eit GODT 2014!!

søndag, desember 01, 2013

A D V E N T 2013

Hei på deg.
Då var det på tide med eit lite livsteikn igjen :)
Plutseleg var det desember og snart jul igjen.
Hei hvor det går.
 
Årets pepperkakehus har fått gullglittertak, som ein aldri så liten variasjon frå forrige åra. Det er ikkje så mykje stæsj rundt huset enno, for ungane får slike ting i kalenderen (ein pakke kvar tredje dag per unge). Juletrærne som står rundt huset låg innpakka i nummer 1.




 G O D   1. S Ø N D A G   I   A D V E N T 



tirsdag, november 05, 2013

10, 20...100


Som eg skreiv tidlegare i veka har me ny 1.klassing i huset denne hausten.
Eg har sagt det før og eg seier det igjen: tavlemalingen på døra frå kjøkkenet ut i bakgangen er genial. Det er ikkje det spor kjedeleg med verken matte eller bokstavøving så lenge ein skriv på tavla.

"mamma, når oppdaget dere at denne døren egentlig er en tavle?"

mandag, november 04, 2013

Flaskefyll


Nå er eg så godt i gong her, at eg slår like godt til med eit nytt innlegg igjen :)
Etter Halloween-festen hadde eg nok av tomme glassflasker (julebrusflasker er genialt til dette) til å lage eit arrangement av glassflasker med stearinlys i på spisebordet.

I gode gamle studiedagar pleidde me bruke tomme vinflasker til dette føremålet i kollektivet eg budde i den gong. Julebrusflaskene er meir estetisk gitt. Til og med når lysa er sløkte:
Julebrusflaskesamlinga er piffa opp med nokre gamle Hansa-flasker frå Bergen.

Ynskjer deg ein fin mandag!
Related Posts with Thumbnails